Tirsdag 27 april hadde Jøsneset besøk av den prisbelønna, svenske journalisten Tom Juslin  med sitt viktige og aktuelle fotoforedrag "KLIMAREISEN". Juslin har reist Norge rundt på 60 ulike stader med dette foredraget, og kvelden på Jøsneset var ein av dei siste.

Kun 10 stk møtte opp her i bygda, men skulda for det låge frammøte må me nok gi det fine vårværet: april er ei travel tid på mange måtar !!  Men for all del: me slo frammøtet på Sand kvelden før !! Kjekkt at òg skuleelevar dykka opp.

For Juslin ga oss eit interessant og dagsaktuelt fotoforedrag. Han tok oss med på reisa innom alle dei nordiske land og viste korleis klimaendringane påverkar både landskap, vegetasjon, dyreliv og kvardagslivet for folk flest.

Juslin sitt hovudbudskap er at kvar enkelt av oss kan bidra med eit meir miljøvennleg levesett, og på den måten vere med å bremse dei menneskeskapte klimapåverknadane.

Arr: Folkeakademiet i Hjelmeland, i samarbeid med Kulturkontoret og Ungdomslaget.

 

 

FaceBook
Facebook