Frå 27.07.09 til 28.07.09 vart det på eit døgn målt 91,5 mm nedbør på Åsland. På yr var det ikkje meldt om regn i det heile tatt, kanskje berre ei byge kl 12 dagen etter... så dette kom overraskande på folk flest, trur eg. På veg gjennom bygda dagen etter var det synlege og enorme skader etter regnet. Dersom folk har bilder og forteljingar om skadar regnet har påført, er det fint om de sender det inn til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. så kan me leggje det ut på sida her.

Lise Tjeltveit har sendt inn bilder frå Fossånå, ho skriv:

"Dei store vannmassane som kom sette og store spor her på Fossånå; det var vel vannskadar i kjellaren på tri av bolighusa, i tillegg til i ei hytte. Vegane hadde og fått store skadar - verst var det ned til "Snig" (nede ved sjøen), der nedre del av vegen er heilt spylt vekk (tilsvarande slik det såg ut i Nesvik), og nedover hagar, brygger og ut i sjøen."

Veien til Snik            snikvegen ned til "Snig"

fossånå           nausta på Fossånåbilda er tatt rundt naustet vårt

kjellerdøra til Rasin og Anne "På vindauget på døra viser det merkje etter kor høgt vatnet har stått.

Skadebegrensningsfirmaet som var her, anslo at det hadde vore omlag 7 cm vatn inne på golvene... Likevel var det andre som hadde hatt meir vatn innandørs... "

Her er nokre bidrag frå Espen Meling, med bilder frå Nesvik:

Naust i Nesvik           steinfrukt?

T.v: Vatnet har funne vegen gjennom naustet i Nesvik og grove ut heile grunnen. T.h: Er det slik man dyrkar steinfrukt? Pærehagen til Kornelius Nesvik såg slik ut etter regnværet.

 

Nesvikstranda                               sommarveret?

T.v: Det blir ei stund til badestranda i Nesvik blir som før! T.h: Dette bildet kan kanskje oppsummere hvor vi kan plassere ferieværet (juliværet)??                

FaceBook
Facebook