Det ser ut til at turpostane våre blir ekstra godt besøkte i år! Særleg Brynå utmerkar seg med 581 besøk pr 13.8. Mot 528 i heile 2007. På Håvehammar var det 12.8. 404 som hadde notert namnet sitt i vaksenboka og 126 namn i barneboka, mot 585 i 2007. På Nesdalsfjellet har det pr 17.8 vore 335 besøk mot 581 i 2007. På Tausanibbå var det 61 besøk den 16.8 mot 69 i heile 2007. Dette lovar godt, det må vel bli rekordar i år?? Dersom nokon har tal frå dei andre postane våre, så send dei inn til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. så kan dei og leggjast ut her.

Det er ikkje for seint å vere med på konkurransen vår! Dersom du kjøper deg ei turdagbok m/laminert kart til kr 50,- på Naustet så kan du vere med å konkurrere om premiar på neste årsmøte i helselaget (som blir halde innan mars 09). Det vil vere to premiar: ein fin premie for dei som har vore på dei tre toppane Herefjellet (Tausanibbå), Gunlanuten og Røssenibbå, og ein for dei som har vore på alle 8 turpostane (dei tre toppane pluss Brynå, Håvehammar, Fosstemmen, Høgafjell og Nesdalsfjell). Turdagboka må leverast inn før årsmøtet med datoar for når du har vore på dei forskjellige bøkene. 

På Håvehammar er det eiga barnebok, med eigen premie for barn!

 

FaceBook
Facebook