Jøsneset skule og barnehage

Skulen og barnehagen er ei drifteining der rektor har det pedagogiske og økonomiske ansvaret. Skulen og barnehagen ligg vegg i vegg, og har ein del samarbeid. Barnehagen og 1. – 4. klasse har f. eks felles utedag ein gong i veka der opplegget er felles. På utedagen brukar skule/barnehagen nærmiljøet i undervisninga. Ofte lagar dei mat ute, eller dei lagar ting av naturmateriale. Er du på tur ute i området, kan du kanskje finne spor etter dei, td. tårn av steinar og pinnar.

Vi har og SFO-tilbud. Dette er lagt til barnehagen

Skulen
Jøsneset skule, eller Skiftun skule som den heitte då, blei bygd i 1892 eller 1893. I ettertid er det komme fleire ombyggjingar og tilbygg. I 1946 blei den delen som nå er mediatek, bygd, og i 1997 blei det siste påbygget laga, der storskulen er i dag.

Gymbygget er eit eige bygg, og blei reist på midten av 70 talet. I jan 2009 starta arbeidet med eit påbygg til gymbygget: dette påbygget skal innehalde scene, omkledningsrom og eit stort lager !

Elevtal

Skulen er normalt 2-delt, dvs at elevane er delt i 2 grupper: 1-4 årstrinn = småskulen, 5-7 = storskulen
I skuleåret 2007/2008 var det 23 elevar på skulen, 13 elevar i småskulen og 10 i storskulen (ingen i 5. årstrinn).
I skuleåret 2008/2009 er det 20 elevar på skulen, 12 elevar i småskulen og 8 i storskulen (ingen i 6.årstrinn).

Personalet:
Rektor: Rasin Tjeltveit
Lærarar: Tor Olav Følgesvold, Berit S. Hjorteland, Helga Havnerås, Elsa Nesvik Altamirano, Yngvild Storækre Hennig.



Barnehagen
Det blei oppretta barnehage her i bygda i 1989 i ei ”lærarleilighet” på skulen. Den fysiske standarden på lokala var då heller skrøpelig. I løpet av 2004/2005 blei lokala oppussa, og i tillegg blei det sett opp eit tilbygg slik at barnehagen fekk mykje betre plass. Mykje av dette arbeidet blei med stor iver og innsats gjort på dugnad av bygdafolket. Etter denne utbyggjinga blei barnehagen godkjend for 18 born. Med stor bygdefest og ordførarbesøk blei den nye barnehagen opna i mars 2005.

Pr jan 2009 er det 12 barn i barnehagen + 5 stk i SFO. Det er 3 ledige plasser pr jan 09.
Styrar: Unni Tollefsen Fossaa
Assistentar: Gjerd Våge Skiftun, Anne Tjeltveit, Marie Hauge, Elsa Nesvik Altamirano og Solveig Bog Bouzane.

FaceBook
Facebook