For første gong har bygda Jøsneset fått sin eigen nettstad. Gratulerar! Sida er eit samarbeidsprosjekt mellom frivillige lag i bygda. Sida er blitt bygd opp med hjelp av Norsk Plan, www.norsk-plan.no – eit lite konsulentfirma som held til på Ropeidhalvøya. Men sida skal driftas av oss lokalt.

Av praktiske årsaker blir ikkje nettsida oppdatert før ca midten av januar !

Deretter vil me prøve å halde sida relativt oppdatert – litt avhengig av kor mykje stoff og tips me får inn frå folk.

For at det skal bli ei levande, aktiv og interessant side, så er me heilt avhengige av tips, idear, ris og ros. Dette tek me imot allereie nå. Og me vil svært gjerne ha informasjon om lokale arrangement til kalenderen vår m.m. Og på denne sida er nesten ingen nyhende for liten – så lenge den er av interesse/relevans for Jøsnesbygda. Sjå Kontakt oss.

 Bruk sida - spre linken - gi oss tips !!

FaceBook
Facebook