NESVIK - BASTLID
LØRDAG 6. ARPIL kl 10.30 Oppmøte Nesvik

Det går eit gammalt stitråkk innover langs fjorden (rosa strek i kartet). Dette var i ferd med å gro igjen. Grunneigarane har sagt ja til at denne stien blir rydda og merkasmile Så flott - for dette er ein nydelig tur litt høgt i terrenget over RV13, og med flott utsikt innover og utover Jøsenfjorden. Ein kan nå òg få til ei finfin rundtur Nesvikheia rundt.
Me inviterar til felles ryddedugnad.

Det er ein del einer (bragje) og busk og kratt i stien, som må kuttast. Allereie nå har to karar sagt ja til å stille med motorsag, og ein person er klar for å rydde vekk avsagde greiner. Men veldig bra viss me får med fleire folk med motorsag, vanleg sag, ryddesaks eller berre ledige armar og lyst å bli med !!  Me skal òg skru opp turstiskilt, desse er ferdig laga. Og det skal merkast underveg.  Møt opp med godt humør, niste og arbeidshanskar, og evt utstyr som nemnd over.


Veldig fin sti høgt i terrenget over fjorden og RV13. Akkurat her er stien ganske fin, men litt rydding av kratt trengs, spesielt i indre del inn mot Bastlid.  Frivillige har allereie rydda på delar av traseen ut mot Nesvik, så arbeidet er godt i gangwink



Slike høge einerbuskar må me rydde litt i for å gjere stien lettare framkommeleg., og kanskje opne opp på eit par-tre fine utsiktspunkt som ligg tett i stien.

Har du lyst å bli med, så møt opp i Nesvik ( i krysset ved RV13/fylkesvegen) lørdag 6.april kl 10.30,
Viss me blir ein god gjeng kan me fordele oss; nokon kjører til Bastlid og startar der, nokon startar frå Nesvik (derfra er det allerede rydda ein del).  

Dersom det blir lite folk akkurat den dagen, må me kanskje gå fleire gonger.
Dersom du har lyst å bli med, men ikkje kan akkurat den dagen, så gi beskjed:
Svanhild 97 00 76 36 /Rasin 414 19 313

FaceBook
Facebook