Det vart delt ut bøker til dåpsskulen.

 

 

Prest Ole Dagfinn Østhus med eit av dåpsbarna.

 

Det var ein koseleg seremoni på Jøsneset bedehus denne søndagen. Det var to barn som vart døypt og det vart delt ut bøker til dåpsskulen. Veret var ikkje det beste denne søndagen, mykje regn om natta etter snø, is og ein lang kald periode, førte til flaum og ras fleire stader. Det førte til at nokre gjester ikkje kom seg frå Fjellberg til Jøsneset, då vegen over Gullingen vart stengt. I tillegg fekk ikkje det andre selskapet maten då den skulle komme frå Sand, men riksveg 13 vart stengt pga snøras ved Lovra. Men barna vart døypt, då presten kom frå Hjelmeland og ferja vart ikkje hindra av regnSmile

FaceBook
Facebook