VONI (eller VONA, som dei kalla den seinare) var altså lagsavisa til Jøsneset Ungdomslag frå 1903 - 1957.  Ungdom i bygda skreiv i boka, og dei les opp frå den på ungdomslagsmøta. Og så gjekk den på omgang. Det er mykje forskjellig stoff i den; noko sant og noko fantasi, noko om natur og kvardagsliv og noko om ungdomsliv.

Her kjem dei tre ALLER første stykka i VONA, som altså er frå 1903. Då hadde ungdomslaget virka nokre år alt (stifta i midten av 1895), men dette er den aller første skriftlege kjelda me har frå laget. Altså 106 år gammalt.

Første stykket er skrive av ein med initialene A.R. For oss er det ukjendt kven det er. Han samanliknar årstidenes gang med ungdomslags-arbeidet:

Klikk her:  VONA - 1.sept 1903

Andre stykket handlar om ei ung tenestejente som får eit viktig brev - eit brev som gir følgjer for resten av livet.
Om dette handlar om ekte personar (pseudonym i såfall ), eller om det er rein fantasi, nei, det veit me ikkje.
Stykket er ikkje underteikna, så me veit heller ikkje kven som har skrive dette. Men her var det slik som med Bjødne frå 1950; denne karen kunne òg kunsten med ord !

 Klikk her: VONA - hausten 1903


Tredje stykket skildrar både naturopplevinga av det å gå til fjells - ei skildring som me kan kjenne oss att i nå 106 år seinare. Den fortel oss òg litt om arbeidsliv og fritid, og om verdien av å møtast i sosial samanheng. Ofte var det kanskje slik ungdommar møttes dengong ? ....ute i det fri.  I VONA er det veldig vanleg at dei bruker fiktive namn, både på personar og på stadnamn. Det er difor ikkje urimeleg at denne historia både er sann og er frå heia vår her på Jøsneset. Kanskje det var Erfjord-ungdommane dei møtte  oppe rundt Gunlanuten?  Og  kanskje det var Fossbakkane dei streva med i starten?

Klikk her: VONA - 6.desember 1903

Det er grunn til å tru at begge dei to siste stykka her, er skrivne av kvinner. Litt uvanleg, faktisk, for det aller meste stoffet opp gjennom åra er skrivne av unge menn.

FaceBook
Facebook