Som den observante www.josneset.no-brukar kanskje har oppdaga, så har aktivietsnivået på nettstaden vore litt laber nå midt på sommaren.  Dette skuldast ikkje berre at det er "agurktid", men òg litt tekniske problem, ferieavvikling og det faktum at dei lokale laga har lite aktivitetar sommarstid.  Ei anna årsak er at me i "redaksjonen" er få, og me klarer ikkje å fange opp alt som skjer i bygda.

Så me oppmodar alle; barn, ungdom, vaksne og eldre: send oss tips !! Dette er jo nettstaden der ingen nyhende er for liten. Men det bør gjerne ha ei viss almenn interesse !  Det kan vere ei koseleg, kvardagsleg historie frå Jøsnes-sommaren, eller kanskje ei dramatisk, eller utruleg eller snodig ? Kanskje om ein finfin fiskefangst. Eller tips om ei flott tur-rute. Eller eit uvanleg værfenomen, eller kanskje du har funne ein artig ting? Eller motsatt: kanskje du har mista noko, som du treng hjelp for å finne att?  Veit du om eit tema som gjerne kan interessere fleire Jøsnes-patriotar, så ta kontakt.

Vårt mål er at www.josneset.no skal utvikle seg og bli interessant for brukerane å "surfe innom". Då bør sidene oppdaterast relativt ofte. Dette klarer me ikkje utan litt hjelp av dykk: så kom med ris, ros, tips og idear for stoff og forbetringar! 

Elles kan me sjå at sida - etter det låge innbyggartalet på Jøsneset å dømme - er i flittig bruk.  Den artikkelen som har hatt flest treff er 17-maibildene på ca 850 treff. Som nummer to kjem Kalvadansen med 630 treff. Elles er det mange artiklar som ligg på +/- 500 treff, og det må me seie oss nøgde med når sida er såpass ny og me berre har knappe 170 innbyggerar på Jøsneset. Dette er ein finfin måte å få ut informasjon på ; td ser me at sida om tomter/hus, kalenderen og turstikartet ligg høgt oppe på treffskalaen!  Så har du noko du ønskjer å formidle til Jøsnes-interesserte, så er dette staden!

Kontakt oss på: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den., Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den..

 

FaceBook
Facebook