Det var ein frisk gjeng som tok turen opp dei mørke, bratte bakkane frå Åsland til Tausanibbå, Herefjellet 500 moh tysdag kveld denne veka !! Sprekingane lot seg ikkje skremme av mørke og regntunge skyer.  11 stk stilde opp i gode klær og med hodelykter, og praten oppover den bratte, ulendte stien gjekk lystig. Det var fullmåne denne kvelden, så håpet var ei himmelsk  show med måne og stjerner i hovudrollen. Men neida, vestlandshimmelen var dekka av gråe skyer, så både måne-og stjerneskinn uteblei. Likevel var utsikten utover fjord og øyar mektig og alle lysa frå nabobygdene var godt synlege. Og varme nybakte solboller kompenserte for fråværande fullmånewink

Det var Hjelmeland Turlag som inviterte på tur! Det er eit mål for Turlaget å ha turar rundt om i heile vår vakre kommune, og ta års-og døgnvarisasjonane i bruk. Det å gå i mørket gir ei heilt anna oppleving enn å gå i dagslys.  Sjølv om månen ikkje dukka opp gjennom skylaget, var det flott å stå på toppen når alle skrudde av lyktene - og oppleve fjordbassenget i kveldsmørket !  

På Tausanibbå har Jøsneset Turlag turpostkasse med bok; og på bildet er det Marit frå Jøsneset og Jakob frå Hjelmeland som skriv seg inn.

Fleire bilder på Hjelmeland Turlag si opne Facebookside

 

Og her er ein liten filmsnutt frå turen ned frå toppen

 

 

 

 

FaceBook
Facebook