Denne veka var det ei lita samling om turstiane i bygda.  Fleire hadde meldt inn på førehand at de ville ta ansvar for "sin" tursti - og fleire meldte seg ila møtet - så jippi - me har turfadrar til alle stiane på turstikartet - og litt til.  Jobben er ikkje så veldig anstrengande, for flesteparten av traseane er ganske godt merka: men her handlar det om å passe på "sin" sti, ......

...og sørge for at den er godt merka og skilta. Når fordelinga er så bra, så er det lite arbeid på kvar enkelt - men det blir jo 1 eller 2 turar ut i frisk luft og vakker natur  ila året, gjerne med eit malingspann og eller ei ryddesaks.   Helselaget kjøper inn maling og kost - så når terrenget er snøfritt og klart,  er det bare å gi beskjed til Svanhild på 97007636, så får de maling.    

Me vil òg prøve å få produsert infotavler til å setje opp I Nesvik, på Foss. på Åsland og i Bastlid - altså ved utgangspunkta for turane.  Dette håpar me å få på plass ila våren. 

I Knutsvik er det òg meir merka stiar enn det som framgå av turstikartet. Ruta frå Knutsvik "sentrum" og opp til Høgafjell er merka, og det er nå lagt ut turbok i kassen på Høgafjelll (i tillegg til hyttefolket si bok) - turen går vidare ned i hyttefeltet i Øygarden, så dette er finfin rundtur. Meir info om ruta kjem

 

 

 

FaceBook
Facebook