Strålande vintervær og lengre dagar gir gode muligheiter for flotte ettermiddagsturar - som her over Nesvikheia denne veka . Her er det fin og godt merka løype mellom Nesvik og skogsvegen på Foss, så dette er ein yppereleg rundtur med flott utsikt over heile bygda og heile Ombofjorden.

Om ein startar frå Nesvik, så kan det vere ein idè å gå oppom turposten på Nesdalsfjell. Her er det flott utsikt og fine kvilebenker, og dette er ein av dei mest besøkte turpostane på Jøsneset. Men ein MÅ ikkje oppom der for å gå over Nesvikheia - ein kan gå skogsvegen frå Nesvik heilt til toppen. Der står det eit skilt med pil til Foss og Nesvikheia, og deretter er det merka løype oppover . Går først over eit fint beite, og så rett opp Småje (Smuget) - eit smalt, litt bratt parti.

Etter Småje går det kupert oppover via Øspelunddalen og Sjiddknatten og oppover mot Låven - greitt å ha gode sko på denne tida, for både litt våte parti og snø når ein kjem lengre opp.

Men dei små bratte kneikene bli belønna med kjempeflott utsikt vestover mot Ombo - og utover heile Ombofjorden og nordover Jøsnesbygda. Det er fleire fine åpne berg og open furuskog - fine rasteplassar for varme vårkveldar.

 Vidare oppover går det forbi Løgjehålå og opp over Muskeråsen ca 250 moh, og her ser ein innover mot Valafjellet og Røssenibben. Vidare forbi nordre enden av Longamyra og ned ei kneik og kryssar Trodlaskaret og ein nærmar seg nå raskt Storhoggtjødna og Tjødnafjellet - Her kan ein anten gå via Storhoggtjødna ned mot skogvegen/Orva eller ein kan vidare opp på skogsvegen bak Tjødnafjellet. Då er vegen kort ned til Foss .   Turen kan fint kombinerast med turpostane på Nesdalsfjell, Fosstemmen og Håvehammar, og ruta kryssar òg turstiruta ned mot Bastlid. Så altså: her er det mange kombinasjonsmuligheter - Ta turen - helst i solnedgang wink

 

Alle foto : Svanhild Hjorteland Gbada

 

Ruta Nesvikheia: frå Nesvik via Nesdalsfjellet  til skogsvegen v/Tjødnafjellet ....totalt lengd inkl  bakkane ned til Foss- snautt 5 km
(her er ruta kombinert med tur langs fylkesvegen)

FaceBook
Facebook