Hjortajakta blei avslutta 29.11 og det blei i følge fellingsrapporten skutt 43 hjortar på Jøsneset dette året.

Jøsneset Viltlag har eit stort vald og hadde i år jaktløyve på 50 dyr. Fellingsprosenten blei altså 86 %, så det var bra.  Jøsneset Viltlag er i følge skogbruksrådgjevaren i kommunen det valdet der det blir skutt mest hjort.  I år vil tal skotne hjort på Jøsneset ligge på over halvparten av totalen i heile kommunen. Totalt i kommunen er det gitt ca 100 løyver på hjort, men ein reknar ikkje med at meir enn 70-80 dyr blir skutt totalt (rapporten er ikkje heilt ferdig).

Det vart òg gitt løyve til å skyte ein elg på Jøsneset. I følge fellingsrapporten går denne elgen framleis rundt i levande live......den er iallefall ikkje rapportert felt.

Rådyrjakta varer fram til jul , så der foreligg ingen fellingsrapport før i januar.

FaceBook
Facebook