Me er midt inni det som er årets "høgtid" for hjortejegrane. Naturen står kledd i dei vakraste fargar - og det har alt vore mange fine jaktdagar i år. Nytt for jaktåret 2009 er at jakttida for hjort blir forlenga 14 dagar, altså fram til 29.november 2009.

Det er Jøsneset Viltlag som har søkt om dette, og noko av argumentasjonen er aukande stamme, skader på innmark og gjerder, lågare slaktevekt, meir hantikke, mest hjort i området ved slutten av jakttida og mildare haustar som gir meir løv på trærne seint i sesongen.

Hjelmeland kommune v/ Vilt og innlandsfiskenemda tilrådde søknaden, og skriv mellom anna i si sak:  

" Jøsneset Viltlag fekk i 2007 tildelt 50 dyr, og felte 39. Dvs ein fellingsprosent på 78. Valdet har forvaltningsplan og er det største valdet i Hjelmeland kommune. Kommunen ser på valdet som eit godt eksempel på korleis eit storvald skal fungera. Det går fram av mengd felte dyr at ordinær jakt er effektiv. Difor tilrår kommunen forlenga jakttid".

 Søknaden gjekk vidare til endeleg behandling hjå Fylkesmannen i Rogaland, og Fylkesmannen har nå gitt løyve for utvida jakt slik omsøkt.

Fylkesmannen skriv at løyvet om utvida jakt gjeld kun på Jøsneset og kun for 2009. Ei eventuell vidareføring av ordninga føreset styrka dokumentasjon av behovet.

Så pass deg Kong Hjort......du lever farleg lengre i år.....images/JUL/Bilder/hjorts.jpg

PS: har du ei god jakthistorie eller spanande jaktbilder???? Del de for all del med www.josneset.no
Kan sendast til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

 

 

FaceBook
Facebook