laurdag 12.sept blei den nye scenen på Jøsneset opna med brask og bram.

Mellom 130-140 gjester benka seg saman i "storstova" denne kvelden.
Kulturleiar i kommunen Eldfinn Austigard overbrakte dei offisielle ord i samband med opninga, medan Jone Hjorteland "gjorde jobben" og klippte opp den sorike fana: dermed opna òg sceneteppet seg opp !!

Det to timar lange programmet gjekk vidare slag i slag, og inneheldt følgjande:

- Barnehageborna med rørande song - som smelta alles hjerter
- Skuleborna med opptrinn, morsom sketsj og artig talekor
- Kulturskuleinnslag med Malena Altamirano med trillande tonar på tverrfløyte
- Rektor Rasin Tjeltveit og Svanhild H Gbada orienterte litt om prosessen for å få til scenen.
- Tenåringsgutta, dei såkalla "Banana Boddes and friends" trøkkte til med mest lyd, sprøast humor og kulaste gitarvridningar.
- Fotokavalkade: smått og stort frå bygdelivet dei siste åra.
- Siri Hjorteland sang to nydlege låtar "Tirnanoir"  Vamp og "We are the champions"  Queen.
- "Bykvigene" (dvs: dei-forhåpentlegvis-midlertidig-utflytta-unge kvinner-frå-Jøsneset) slo til med eit megakomisk innslag "Miss Jøsneset-kåring"- slik du aldri har sett ei jøsnes-tøtta før!
- Kåseri v/Silje Sværen med pussig start-koffert for nyinnflyttta Jøsnesbuar
- Kåring av vinnar fotokonkurransen "Min Jøsnes-sommar 09":  Lise Tjeltveit med "Sure bær"
- Allsongen "Det e her me hørre te" i ein omskriven Jøsnesvariant v/tekst Anne Hjorteland
- Og heilt til slutt drog salen til med "Happy birthday" for 50årsjubilanten Terje Auglend.

Det heile hadde lokalt og ungdommeleg preg - og her var det jammen mange flotte talenter til å vere så lita bygd !!

Arrangørane Jøsneset Ungdomslag og Jøsneset Bygdaråd takkar ALLE som deltok med innslag og hjelp denne kvelden.

Ikkje minst: takk til "back-stage-teknikarane" Tor Olav Følgjesvold og Eirik Fossaa - som hadde den vanskelege og "nye" jobben med å styre lyd og lys (noko me aldri har hatt på Jøsneset før). Dei klarte eld-dåpen med glans !!:-) Takk òg til Jøsneset skule og Jøsneset barnehage, som bidrog for fullt.

Totalt sett blei det ein flott fest -
som fortsatte med sal av varme lakserettar, pølser, brus og kaffe - drøs og raddel.
Etterpå blei det "dansefest" for dei over 18 år med DJ -musikk.

PS: VISS DU HAR FOTO FRÅ OPNINGSFESTEN, SÅ SEND OVER til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. - Nettredaksjonen har desverre ingen bilder.
PPS: Slå opp på side 12 i papirutgåva av Bygdaposten 18.09 - derfinn du både bilder og lesestoff om festen.

FaceBook
Facebook