images/JUL/Bilder/gauk1s.jpg

Stien mellom Gaukjen på Herefjellet og Fossmarka er nå skilta og merka.

Denne trasèen er eigentleg ein gammal sti, så den er tydeleg i terrenget. Men for folk som ikkje er lokalkjende kan det vere vanskeleg å vite kor ein skal "ta av" og kor ein havnar om ein tilfeldigvis kjem inn på stien. Trasèen har òg vore inne på Jøsneset sitt turstikart lenge; så det var greitt å få den skilta og merka nå. Denne trasèen koplar altså saman stianettet på Herefjellet med stinettet i Fossmarka (i Fossmarka kjem ein inn på "gamlestien" Foss-Gunlanuten)
images/JUL/Bilder/gauk2.jpg    images/JUL/Bilder/gauk3.jpg
Den 9.august går 3-nuts-turen /Hardhausen av stabelen!!  Då er turen opp til Herefjellet den 4. nuten (i tillegg til Gunlanute, Røssenibben og Valafjellet) som må til for at du skal kunne kalle deg ein orntlig "Hardhaus".  Så nå er ruta klar og du kan allereie byrje å øve deg på turen Kiss.

Og med Herefjellet er det enkelt og greitt alltid slik: Har du først kome deg opp - så angrar du aldri: "what a wiew!!"

FaceBook
Facebook