Det pågår for tida intens jobbing for å få ferdig ballbingen. Denne veka er det blitt kjørt på meir singel, og til slutt finlaget med steinstøv. Kvar dag denne veka har det pågått arbeid, både av enkeltpersonar på dagtid og av grupper på kveldstid. Torsdag kveld t.d. stilde ein gjeng på 6-7 karar og dei 7 "gutta-boys" ! Og dei jobba intenst i eitt kjør frå kl 17 til kl 22.00 (då under flomlys). Då var det finplanering av steinstøvet som skulle ferdigstillast. Dei blei ikkje heilt ferdige - så det fullførte dei fredag ettermidag; etter skuletid.

Då er det monteringsjobben som gjenstår: den blir utført nå i helga 9-10 mai - så her går det unna ! Leverandøren frå Kristiansand kjem og blir med på monteringa; men òg her trengs det ein durablig eigen-innsats. 

Verdt  å merkje seg at "gutta-boys"-gjengen står på som nokre heltar ! Det har alt blitt gode arbeidskarar av den gjengen - eitt godt teikn for framtida!

Men om du trudde at dei mindre barna berre går rundt å slenge, så tru om att!
For det første har òg enkelte av dei mindre barna bidratt på ballbingejobbing.
Men dei var i full aksjon dei òg torsdag kveld denne veka. Omtrent heile barneflokken inkl ein del mødre var ute på RYDDEDAG på torsdag. Dei rydda langs vegar og kaiar - og beda på skulen fekk seg òg ein omgang! Så nå er bygda blitt ryddig og fin til 17.mai -takka vere ein flink og ivrig barneflokk! Nok eit godt teikn for framtida !

Og som om ikkje det var nok: blandt storskulebarna pågår det òg intens jobbing for å få "JØSNESPOSTEN" ferdig - så journalistane hadde dobbelt arbeid på Ryddedagen - veldig smart,forresten, for då traff dei visst meir enn "fem på vegen".
Me gledar oss til avisa kjem ut i neste veke !

FaceBook
Facebook