images/ung/curling.jpgVelkommen til historiens første og mest uformelle JØSNESMEISTERSKAP I CURLING !!

Me er så heldig å ha noko så sjeldan som ISBANE i bygda akkurat nå. Den må me nytta nå....til meir enn skeising:

Jøsneset Ungdomslag inviterer til JØSNESMEISTERSKAP I CURLING og utfordrar særskilt Helselaget og Bygdarådet til kamp !!!

Men her er alle folk i alle aldrar invitert til å stille lag: byungdom ! old-boysar!! støle kvinnfolk! spretne skulebarn ! ambisiøse småbarnsforeldre !!

Med andre ord:

Dette er ein sport som ALLE kan delta i . Få med deg kompisen, naboen, ektefellen, søsken...... og lag eit lag på MAX 3 deltakarar.

Reglar og teknikk vil bli demonstrert (av oss som aldri har gjort det før :-) ) før kampstart !!
"Steinane" som blir brukt blir ikkje så strøkne som denne....images/ung/curling1.jpg 
"steinane" som blir brukt denne dagen er himalagte, men det kan jo vere like løye for det Tongue out

PREMIERING BÅDE AV........

- beste lag med mest poeng
- beste lagånd
td det laget som har best kamp-rop, spenstigaste draktar, beste samarbeid, livligaste humør el.a som skiljer seg positivt ut for ein skarp jury Kiss

Så her er det berre møte opp med godt mot, god lagånd og strategien i boks.

PUBLIKUM er det viktigaste av alt, så tips ein og aen på din veg !

MEGET lett servering av VARM DRIKKE og POPCORN !!

Hugs gode klær, sitteunderlag/campingstol, sauabjødler og norske flagg Cool

 

PS: er du òg usikker på kva CURLING eigentleg er? Sjekk her

 

Facebook