Helselaget fekk den 23.03.08 melding om hærverk på turstien til Brynå. Det har sannsynlegvis skjedd laurdag den 22.03.2008. Skilt er revet ned og skrevet på med kulepenn, postkassen og boka er vekke. Dette er svært synd! Det er frivillig arbeid som ligg bak alle turstiane våre, og hærverk betyr at folk må stilla opp gratis igjen for å ordne opp i dette, i tillegg blir det ekstra, unødvendige utgifter til ny postkasse og bok. Særleg uheldig er det no når me har konkurranse på gong, for det vil no seie at det blir ein periode på Brynå der det ikkje er bok. Vi må nemleg bestille ny postkasse. 

Dersom nokon har opplysningar om dette, angrar seg og vil ordne opp att, eller finn postkassa/boka, så set vi pris på at de tek kontakt med Jorunn Foss tlf 99638803 om dette.

FaceBook
Facebook