Fredag 12.12 var det fullmånekveld - ein feiande flott fullmånekveld til og med !
images/JUL/Bilder/nisse1.jpg
Og "Nissane frå Gunlanuten" hadde meldt sin ankomst fleire dagar på førehand. Barnflokken på Jøsneset stilte opp; og ferda gjekk oppetter ein månelys bygdeveg; på leit etter ein bålplass der Nissane skulle dukke opp.

Etter å ha løyst diverse gåter undervegs, fant barna bålplassen blandt flotte bjørkeved-haugar på opplagsplassen til Inge Torkel i Asheimbakkane.  Det måtte litt lirking og lokking til for å få Nissane til å kome fram: men plutseleg skimta me dei oppe i den bratte lia. Nissane hadde sekkane fulle med lussekattar, kakemenner og mandariner - og dei delte raust rundt seg på ekte nissevis.

Det blei varm, god gløgg i koppane; og munter dans rundt leirbålet til glade julesangar.

Ein fin og frisk førjulskveld under open himmel med snille barn, kvikke vaksne og gåvmilde Nissar !
GOD JUL til store og små i Jøsnes-bygda.Kiss

Arr: Jøsneset Ungdomslag.
images/JUL/Bilder/nisse2.jpg

 images/JUL/Bilder/nisse3.jpg

  images/JUL/Bilder/nisse.jpg

 

FaceBook
Facebook