Alt er annleis i 2020! Også Hardhausen på Jøsneset ! Dët vil i år ikkje bli eit sekretariat eller ein felles sosial happening ved Fosstemmen, slik me pleier!  Me oppmodar likevel folk å ta turen frå post til post, og frå nut på Jøsneset.  Me strekkjer tida ut, så du kan sjølv velge å gå når du vil i løpet av pinsehelga.  Legg lag med venner, kjente, naboar, familie - og ha ein fin tur. Men tenk tryggleik og smittevern òg på tur ! 

I år er alle dei 10 turpostane på Jøsneset "med", og me oppmodar dykk om å ta både korte og lange turar, alt etter fysisk form og lyst.  Her er TURSTIKART JØSNESET. Alle ruter er merka, men følg godt med i terrenget når du går, og ta gjerne med eige kart dersom du ikkje er kjent

Me har òg laga eit sett med "Hardhausen-Korona-spesial-reglar"  fint viss alle set seg inn i dei før de tar turen ! 

Følg med på eventen Hardhausen LIght 2020 på Facebook, og på Jøsneset si opne Facebookside !

Undervegs på tur oppmodar me om å Ta foto.  Send inn foto til konkurransen "Flottaste utsikten".   Premiering !

Naturen er ein fantastisk arena ! Nyt dagen ! God tur !

 

 

FaceBook
Facebook