Me minner om OPE LOKALT JØSNESBIBLIOTEK i det gamle skulebygget kvar første onsdag i mnd frå kl 18.00 til 19.30.  Det er altå ope i kveld !! Her er det ei god samling med bøker, lydbøker, blad, filmar og spel som kan lånast. Rommet her kome til etter initiativ frå Bygdarådet.  Der er det varmt og koseleg, og Marit Wyller er på plass, så kom gjerne innom på ein kaffekopp, ein bokprat eller kanskje spele eit brettspel.  

Ellers startar òg LESESIRKELEN opp igjen i kveld kl 19.30 i same rom i gamle skulebygget.  LESESIRKELEN er ei gruppe som møtes kvar første onsdag i mnd kl 19.30.  Lesegruppa blir enige om ei bok som ein skal lese til neste treff, og ved neste treff diskuterer ein denne boka .  På den måten får ein gjerne lest bøker som ein sjølv ikkje kjem på. Lesegruppa har vore innom masse ulike bøker frå ulike kontinent, ulike sjangrar, og ulike tidsepokar.  Og bøkene har skapt mange spanande diskusjonar !  Har du lyst å bli med i LESESIRKELEN, så MØT OPP I KVELD kl 19.30.  Du kan då vere med å diskutere kva for bok som skal lesast til neste gong, som då blir onsdag 7 november.   Alle som møter opp i kveld får utdelt gratisboka "Kompani Orheim" av Tore Renberg. Det er ei bok som blir delt ut frå prosjektet "Hele Rogaland leser"
Dersom du ikkje har høve å møte i kveld, men likevel vil bli med i Lesesirkelen, gi gjerne beskjed til Svanhild 97007636

Velkommen til ein rik bokhaust !!

FaceBook
Facebook