1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Foto_ Svanhild Hjorteland Gbada

Turen til Høgafjell 225 moh i Knutsvik blir belønna med ein kjempeflott utsikt vestover mot Bandåsen og Nedstrandsfjorden. Frå postkassane i Knutsvik kan du gå ei rundløype på ca 5,5 km, dels hytteveg, dels skogsveg og dels skogsti.  På Høgafjell er det turpostkasse - og nå har òg Jøsneseset Helselag turbok her, i tillegg til turboka som hyttefolket i Øygarden hyttefelt har her.

Det er Jøsneset Helselag som merka ruta i si tid. Men Helselaget tok bort boka i kassen, så i fleire år har her ikkje vore turbok. Men turposten er populær for hyttefolket i Øygarden, så dei laga si eiga turbok her i kassen. Og "hytteboka" har vore i kassen i fleire år, og både boka og tråkk i terrenget viser at dei har vore ivrige å bruke turmålet.  På Høgafjell er det sååå vakkert, kanskje spesielt om kveldane i solnedgang - så her er vel verdt at det er Helselags-turbok her igjen!  Så kanskje fastbuande på Jøsneset nå kan ta utfordringa;  og bli like flinke å besøke denne staden som hyttefolket i Øygarden ersmile.  PS: Det er avklart med initiativtakar for "hytteboka" at det er OK at Helseslaget òg har turbok her nå igjen ! Så nå er det altså to bøker i kassen her.

Palmesøndag var det framleis snø/is på delar av traseen både langs skogsvegen inn mot Morkjå, og spesielt over Nokkatjørna opp og forbi Høgafjell. Snøen og isen ligg her våt, og det er våte parti over myrane her . Ellers er det fint (men vått) nedover mot Hundastien - Dette partiet Hundastien er ganske bratt og ulendt, men ikkje så langt.  Størstedelen av rundløypa går på hytteveg/skogsveg.   Merkinga er litt slitt og skiltet i Øygarden litt shabby - men når terrenget tørkar vil løypa bli friska opp att på dei "falma" partia.

Kart som viser rundløypa frå postkassestativet i Knutsvik - inn forbi Kjell Langvik si løe, og følg skogsvegen mot Morkja, og deretter sti. På returen: følg hyttevegen heilt frå Øygarden og ut. Veldig fint å ta ein avstikkar ned til Hårsteinen; ein kjempestor stein som ligg vakkert til på opne svadberg heilt ytterst på Jøsneshalvøya.  Rundturen kan meget godt òg tas motsatt vegwink  Rundturen er ca 5,5 km, eller ca 6 km om du tar ytre hytteveg tilbake.  Høgdeskilnad ca 200 meter. Høgafjell er ca 225 moh.

Foto/tekst/illustrasjonar: Svanhild Hjorteland Gbada

FaceBook
Facebook