På den internasjonale vaffeldagen - palmesøndag - inviterte Bygdarådet til kafè i Trivselstova, kombinert med opning av bibliotek på gamleskulen. Tiltaket var populært, og det strøymde på med folk - ein fin blanding av fastbuande og ferierande påsketuristar - og mange barn og vaksne. Over 60 stk var innom kafeen - og Bygdarådet var rause og delte ut gratis vafler, kaffe, te og saft.
MMMMMMM - vafler smaker godt ! God drøs inne i Trivselstova, og masse leik og moro ute - og mange besøkande på biblioteket.
Tida blei òg nytta til å diskutere stadnamnkarta, som hang på veggene i Trivselstova. Rasin (tidlegare rektor på Jøsneset skule) kom på at det låg nokre gamle skuleoppgåver på loftet på gamleskulen, så han gjekk og henta dei - Og jammen sann; der dukka det opp rundt 20 "nye" stadnamn som me ikkje har frå før - så nå blir dei òg kartfesta
TAKK til Bygdarådet for finfint initiativ - koselig å treffast på uformell kafè !!
Foto: Sven Westersjø