På Juleafta var det Arthur Westersjø 90 år  frå Jøsneset  som stod i fokus i fleire media i fylket. Både Stavanger Aftenblad og Strandbuen hadde artiklar med den spreke 90-åringen, og radiointervju i NRK Lokalen var det òg Laughing 


Stavanger Aftenblad fokuserte på at Arthur sannsynlegvis er Norges eldste politikar: for igjen stiller han på AP si liste til kommunevalet 2011 .  Han stilde til val for AP for første gong i 1945, rett etter krigen, og veteranen er framleis like klar for ein ny periode i lokalpoltikken trass i sin høge alder. Han har stått på AP si liste både i Strand og nå i Hjelmeland, og seier han er framleis like engasjert i samfunnsspørsmål; td er samferdsel eit politisk tema som opptek han stort.

NRK Rogaland formiddagslokalen hadde òg eit radiointervju med Arthur på juleafta, og dei òg fokuserte på hans politiske ambisjonar. Fekk du ikkje med deg intervjuet? Då kan du høyre det HER (intervjuet er ca 50 min ut i sendinga, så "spol" deg fram dit om du ikkje vil høyre heile sendinga. Ps: du har vel høgtalar på PCn?)

Strandbuen hadde òg eit lengre intervju med Arthur på juleafta. Dei fokuserte på Arthur si reise til Israel og Jordan, som han fortok nå i november.

Avisartiklane finn du kun i papirutgåvene.

.....og så ønskjer me Arhur lykke til med kommunevalet 2011 Wink

FaceBook
Facebook