"Sløkk lyset ein time frå kl. 20.30  laurdag 28.03".

Det er 11 år gamle Gaute Widerøe Hennig ved Hjelmeland skule som kjem med denne oppmodinga.
 
Han har sendt brev til alle skulane , til kommuneleiinga og Bygdaposten , og oppmodar alle til å bli me på denne verdensomspennande klimakampanjen som kallast EARTH HOUR.

Dette er først og fremst ei symbolsk handling for å fokusere på energisparing - men tenk: då 2,2 mill menneske og 2100 bedrifter i Sydney slo av lyset i 1 time, så sparte ein energi tilsvarande 48.000 bilar på norske vegar eit heilt år !

Slike perspekiver skaper me ikkje på vesle Jøsneset Kiss,
men mange bekker små gir ei stor å Smile.

Me kan viss me vil , og kanskje får me oss ei lita, annaleis kosestund ?

OG EIN TING TIL:

NÅ GÅR DET MOT SOMMARTID: STILL KLOKKA !!
FRAM ELLER TILBAKE? HUGS: ALLTID MOT SOMMAREN, så nå er det ein time fram !



 

FaceBook
Facebook