Jøsneset si nettside www.josneset.no er nå 1-årsjubilant ! images/bilder/sun.jpg

I mellomtida har sida fått ein god del brukarar. Me kan registrere tal treff pr artikkel; og det er mange artiklar som har både 5-6-7 og 800 treff !! Og det er me svært nøgde med; sett i forhold til at Jøsnesbygda kun har ca 170 fastbuande. Me ser òg at det er mange treff kort tid etter at artiklane blir lagt ut: dette tyder på at det er ein del faste brukarar av sida. Dette set me veldig stor pris på !!

Me håpar at sida er til nytte og glede både for fastbuande, hyttefolk, ungdommar og "utvandra" Jøsnesbuar med røtene sine her.....og kanskje ein og annan sporadisk "forbi-streifar"Smile.

NB: sida blir drifta på HEILT frivilleg basis, og difor vil oppdatering av sida skje sporadisk,  når "redaktørane" har tid til overs i ein elles travel kvardag.  Ein kan difor ikkje sjå på sida som ei "dagsavis", men me prøver å snappe opp småting som skjer i kvardagen i bygda. Og ikkje minst: sida fungerer veldig bra som ei OPPSLAGSTAVLE.

Me oppmodar alle som har noko dei ønskjer å formidle til folk: ta kontakt med oss; så legg me det ut ! Skal du opp med ein plakat om noko; så få plakaten opp her òg !

For å kunne utvikle sida vidare inn i framtida, er me òg avhengine av tips, innspel, ris og ros - så nøl ikkje med å ta kontakt!

Nytt i redaksjonsnemdna:
Silje Sværen har overtatt som "redaktør" på vegne av Bygdarådet. Ho er sekretær i Bygdarådet; og vil leggje ut møtereferater, uttalar, info m.m for Bygdarådet.

Me ønskjer alle brukarar av nettstaden ei RIKTIG GOD JUL ! images/bilder/bells.jpg

FaceBook
Facebook