Då er NAUSTE på Nesvik historie.  Alle var invitert til å bli med på siste opningstimen, som var søndag kl 17 - 18.00. Så stengde dørene for godt og nå skal det ryddast ut av Nauste og klargjerast for riving.  Jøsneset Bygdaråd hadde med stor marsipankake og blomster, og takka Cesilie Wåland og Jarle Langvik for mange servicefylte år på Nesvik !

Bygdarådet spanderte kake på alle som kom innom siste opningstimen på Nauste, og Nauste sjølv spanderte kaffe og brus !

Cesilie og Jarle fekk overrekt blomster og takk.   Dei har stått på gjennom mange år. Det heile starta med foreldrene til Cesilie: Arne og Wenche Wåland i 1991. Først med ei lita pølsebod, deretter i bygget som de har drive i heilt fram til i dag. Dei siste åra er det Cesilie som har vore dagleg leiar, og ho har stått på og gitt god service til alle reisande, og mange av ungdommane i bygda har fått si første arbeidserfaring her.  Nauste på Nesvik har òg fungert som ein turistinformasjons-sentral, og dei har svara på tusenvis av spørsmål om turistmål i vår eigen kommunen og kommunane rundt oss.  Det er ein service de har delt gratis som ein del av kioskdrifta, men nå må turistane leite etter svar andre stader !

Vemodig, men sant, nå er dei siste myntane slått inn i kasseapparatet på Nauste, og Cesilie startar nedrigging av lokalene for å gjere klar til ferjekaiprosjektet som startar i februar.

Takk for god service gjennom mange år, Cesilie !

Helsing Jøsneset Bygdaråd og alle frammøtte !

FaceBook
Facebook