Vekst i bygda.....det er godstoff for josneset.no. Og nå er det på Fosså det veks !!
Me ønskjer ho Bengt Ove hjarteleg velkommen til bygda Tongue out

 
Det høyres kanskje ikkje slik ut, men Bengt Ove er altså ei HO. Og her poserer ho for fotografen midt i mattrauet : øyensminken er på plass   og....jo, me skimtar eit lurt glimt i øyenkroken....så grisaktig sjarmerande at ikkje rart at to unge jøsneskarar falt for hoKiss.

Bengt Oves vitale mål er 85 cm frå snute til hale, 48 cm frå golv til rygg og "funfacts": 14 cm lange rosa øyrer og 19 cm hale m/krøll. Ei dames vekt skal me jo helst ikkje spør om, så det er noko usikkert: men målet før slakt er 100-110 kg...........hm, ja, ho er faktisk ein blanding mellom Norsk Landsvin og Yourkshire....det vil altså seie ( ja, huff) ho er ein SLAKTEGRISSurprised

Ho BengtOve ankom Fosså 6.september, og lever lykkelig under delt omsorg mellom Sondre og Thomas. I staden for samdriftsfjos, som er så populært nå til dags, driv dei i staden samdriftsgris. BengtOve vandrar nemleg frå tun til tun: eit par veker på "Nedre Fosså" og så eit par veker på "Øvre Fosså".......ja, den nye hundevalpen på "Mellom Fosså" må vel lure fælt på kvaslags "grise-sti"Laughing han er komt til .....der grisen vandrar att og fram frå tun til tun på tovekers-turnusen sin.

Men me trur BengtOve har hatt griseflaks: for me kan slå fast er at BengtOve lever eit sunt og aktivt griseliv, der dyrevelferd står i fokus: frisk luft og jamleg trim det skal vel vere godt for alle husdyr........og så dobbel faderleg omsorgWink. Spørs om ikkje Sondre og Thomas kvalifiserer til neste års produksjonstilskot ? Og bygdeutviklingsprisen for god grûnderånd og inovativ nytenking innan norsk landbruk?? Jo, me trur kompisane kan vere to gode kandidatar ? Pluss Bengt Ove sjølvsagt. 

GRYNT GRYNT Cool


"Snøft snøft.....nå blei eg litt lei alt dette mediasirkuset......mon tru om det er noko rart å finne i dette sorpeholet??"

FaceBook
Facebook