Konserten på Jøsneset fredag kveld var historisk: gruppa er gjenforent etter 20 års "pause" og lagar nå ny CD. Publikummet i salen var dei første til å høyre dei nyskrevne låtane. Dei seks karane leverte musikk på høgt nivå med vakre melodiar i flott samspel.

Salen var ikke meir enn halvfull; noko som kanskje skuldast vinterferie, ferjekøar, fredagkveld og OL ? Likevel: dei frammøtte var heldige og fekk servert kvalitetsmusikk: Dette er karar som kan jobben sin og som trass i den 20 års lange "pausen" serverer god samklang, pakka inn i lun humor og gode tekstar.  Vakre, melodiøse og harmoniske songar trilla fram; her var "dei goe gamle" , men òg fleire smakebitar av heilt nyskrevne låtar som kjem ut på den nye CDn (eller "kassetten", som dei sa). 

Gruppa held nå på med studio-innspeling på Sanitas i Årdal - og ta ein kikk på TV Vest neste veke, så får du eit innblikk i det arbeidet.


Stein Endresen på gitar: han er vel den som kanskje er mest kjendt for oss Hjelmelandbuar: tidlegare musikklærar på Hjelmeland skule og korpsdirigent.

Me takkar bandet for at dei kom til småbygda Jøsneset og ga oss ei flott oppleving - og ønskjer lykke til med innspelinga.

Arr Hjelmeland kulturkontor/Jøsneset Ungdomslag.

FaceBook
Facebook