Det var eit kjempebra vær på årets Frukt- og laksefest i Vågen på Hjelmeland. Standen til Jøsneset synte godt att og hadde fått ei fin plassering nede på kaien, og fekk masse besøk frå folk frå land og strand.

Jøsnes-stand på Frukt- og laks                images/JUL/Bilder/fol1s.jpg

Den godslege kjendiskokken Frode Aga stakk òg innom Jøsnes-standen for ein liten mat-prat. Han var som vanleg i godt lune og tok seg god tid til prat om fårikål og andre villsauprodukter. Dei lokale produsentane fekk seld godt med produkter (honning, eplesaft, skinn, tomater, fårikål mm) -  og fekk mange bestillingar på varer utover hausten. Vellykka i så måte ! Standen var pynta med 120 solsikker; og dei blei òg selde alle som ein (om enn til litt redusert pris på slutten). Til og med bøtta med georginer rauk ut på slutten !Smile

helselaget sin kaffikrok  images/JUL/Bilder/fol9s.jpg 

Kaffikroken med gratis kaffi og vatn som helselaget sto for, delte ut mellom 400 og 500 koppar kaffi og vatn i løpet av dagen. 

Fårikålgrytene falt i smakSilje og Øyvind solgte ut fårikålen sin før dagen var slutt.

images/JUL/Bilder/fol1s.jpg    images/JUL/Bilder/fol1s.jpg   

images/JUL/Bilder/fol4s.jpg   images/JUL/Bilder/fol1s.jpg   images/JUL/Bilder/fol6s.jpg

Jøsneset gjekk ikkje av seieren som beste stand. Men ingen grunn til å sippe for det. Førsteprisen gjekk til Aksel Hansson, og den standen var det jammen to blide Jøsnes-damer som styrte med; Me gratulerar Berit Skiftun og Eldbjørg Tednes med ein stilfull stand  images/JUL/Bilder/fol7s.jpg

 










      images/JUL/Bilder/fol8s.jpg

Og som om det ikkje var nok. Jammen dukka det opp ei fresk Jøsnes-dame på scenen òg : Bente Tednes ( ja, ja, som rett nok har gått hen å gifta seg og busett seg med ein Jøsenfjord-kar - likevel; for oss forblir ho nok Jøsnes-dame ei god stund til). Ho var å finne på scenen i lag med Hjelmeland storband, der ho song to vakre låtar.

 

 

 

Saman med Jøsnes-standen fant me òg Mikals Laks, ved Astrid Fossaa Viga og Mikal Viga. Sal av røykelagks gjekk unna som berre det; ikkje rart de smilte bredt begge to..........images/JUL/Bilder/fol11s.jpg

    images/JUL/Bilder/fol10s.jpg   images/JUL/Bilder/fol12s.jpg

Ja, du lurer kanskje framleis kva Jøsneskorga vog ? Den vog 11 kg og 980 gram.  Den heldige vinnaren var .......ja, nettopp Ole Geir Åsland - eks-Jøsnesbu, nå busett på Tau. Han tippa 12 kg og 070 gram, og var dermed nærast av alle. Den som kom på 2.plass tippa kun 6 gram meir, så her var det hårfin konkurranse. Korga er sendt over til Ole Geir, som sikkert kosar seg med masse fine Jøsnesprodukt: alt frå tørrfisk til auberginer !

Ein flott dag til endes: og ei varm takk til alle frivillige som stilte opp for å marknadsføre bygda !! WELL DONE !Smile

 

FaceBook
Facebook