Røde Kors Hjelmeland arrangerer badevaktkurs i Hjelmeland symjebasseng på Ungdomskulen torsdag 19.oktober kl 18.45. Det trengs godkjente badevakter til helsebading og familiebadinga som nå startar opp. Kurset varer 1,5 time og varer berre ein gong, Då er ein godkjent som badevakt fram til neste haust.

FaceBook

Lokale stadnamn er spanande.......veit du td kva denne spisse nibbå heiter?
Frå gammalt av er det jo namn på langt fleire steinar, haugar, juv, ekrer, tun...enn det som står på kartet.
Dette er ein kunnskap me må ta vare på:
Me inviterar til felles "stadnamn-dugnad" - meir info under LES MEIR

FaceBook


I småskulen driv de med noko så finurlig som "utanomjordisk kunst". Klikk bildene så får du sjå meir om kva slags flott kunst de driv på med på Jøsneset skule for tida. Fantastisk fantasi !!

FaceBook

Masse mediaoppslag i dag om det nye handlesenteret på Tasta i Stavanger, og senterleiaren er ei utflytta Jøsnes-dame, Britt Iren OsmundsenSmile - tidlegare Hjorteland, oppvaksen på garden innerst i Fossdalen. Det nye senteret trakk mykje folk i dag, og det blei nesten kaos i trafikken utover mot Tasta. Les meir om Britt Iren sin åpningsdag i Aftenbladet, NRK-Rogaland, Rogaland Avis, og ho var òg å sjå  på NRK LokalenTV. Me gratulerer BrittIrene med åpninga og ønkjer lykke til med koordineringa av Tasta Senter med 45 butikkar, fleire spiseplassar, helsestasjon og treningssenter.

Gøy å høyre korleis det går med våre utflytta Jøsnesbuar...har du eit tips, så send inn.

Fotograf: Erik Holsvik, Rogaland Avis

FaceBook

Det blir damekveld siste torsdag i oktober, 25.10.12 kl. 20.00. Vel møtt adle Jøsnes-damer te koseleg treff i Trivselståvå!! Paula har med ein liten eplerett - som seg "hør og bør" etter årets frukthaustWink

Tidlegare sto det at det var tema "thanksgiving" denne kvelden, men det var ein feil, for Thanksgiving er ikkje før i november nemleg.. Nærare bestemt blir damekveld i november altså 29.november kl. 20.

Dermed er det berre å møte opp begge damekveldane før julSmile

FaceBook

Søndag 21 okt mellom 16 og 18.00 vil du få besøk av bøssebærarane til TV-Aksjonen for Amnesty International. Her på Jøsneset er det folk frå bygdarådet som går rundt med bøssene. Les meir om aksjonen HER


FaceBook


Onsdag 17 okt slapp alle folk på Jøsneset og Jøsenfjorden å lage middag, for denne dagen hadde nemleg elevar og lærarar på skulen laga til middag for bygdefolket, og inviterte alle inn på kafè ! Og kafèstemning blei det, med småbord rund i heile gymsalen, og unge, flinke kelnarar farta rundt og tok mot bestilling, serverte suppeskålene på bordet og sørga for fullt i glaset av husets vatnWink. Salen var fullsett og ca 80 munnar blei metta denne dagen - og overskotet går til TVinnsamlinga til Amnesty International.

FaceBook


Du har kanskje lurt på korleis det gjekk med alle sekkane som blei levert inn til Romania-innsamlinga i haust. Kom bidraga fram ? JA !! Er svaret.  Inger Apeland i Suldal er jo primus motor for dette prosjektet, og har skrive eit innlegg i Suldalposten der ho fortel om korleis alle gåvene blei fordelt ut vel framme i Romanina. Les innlegget HER

FaceBook

For 500millionar år sidan dundra ein meteoritt ned over Vormedalen, og skapte det heilt unike Ritlandskrateret. TV-Vest har nå vore på tur i området i lag med Fridjof Riis, som etter mange års forskning kunne bevise dette flotte fenomenet.  "Midt i Hjelmeland kommune, væt du....sko kje tru det !!" som reporteren Mari Wedum i TV-Vest sa. Sjå innslaget i TV-Vest HER.  Og ta turen dit !! Det er jo "rett rundt hjørna"Smile

FaceBook


Denne dagen blir ei STOR dag for frivilligheita i  Hjelmeland - for her får du møte eit vell av frivillige lag og organisasjonar frå heile Hjelmeland. Alle frivillige lag gjer ein formidabel jobb for FOLKEHELSA, på mange ulike vis,  og det er dette det skal fokuserast på denne dagen. Difor blir ALLE invitert til FOLKEHELSE-KICKOFF !!  Frå Jøsneset stiller JØSNESET HELSELAG kvinnesterkt opp med stand,  og sikkert får du sjå nokre gamle, gode "helselags-rarietar". Les programmet for dagen HER, og les meir på Hjelmeland kommune.

FaceBook

Villsaukjøt, kalvekjøt og eplesaft !!  Nå er det klar for salg av ferske Buhagen-produkt.
Prislista og bestillingsinformasjon finn du HER

FaceBook


Kanskje du madrassa full av 1000-lappar, eller har du sparegrisen full av andre sedlar? Nå er det på tide å rydde opp og få de ut derfra!!
Ein god del seddeltypar går nemlig "ut på dato" - og dei må leverast inn til Norges Bank innan 1 november !! Så spring å leit opp spare-sedlane dine frå skuffer og skap, og løys de inn medan du enda har tidSmile Les meir om dette HER

FaceBook

 

Onsdag 17 oktober kan alle sleppa å lage middagSmile, for då vil Jøsneset Skule lage middag for oss !!  Rektor Rasin har sendt ut innbyding til alle som vil: Kom på KAFÈ PÅ JØSNESET SKULE 17 okt kl 16.00 !!! Det blir servert nydeleg suppe, med kaffe og kake etterpå - og jammen får me underhaldning på kjøpet òg - elevane på skule vil ha enkle opptrinn. 

PRIS: kr 100 vaksne, kr 50 skulebarn, gratis for mindre barn. inntekta går til TV-aksjonen.
Påmelding seinast måndag 15.10 kl 12.00 til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller pr telefon 40439225

FaceBook

I år som i fjor blir det arrangert julemesse i Spinneriet . Arrangøren Hilke Aschberg frå Årdal er nå på ivrig jakt etter den nevenyttige, den kreative, den skapande handtverkaren !! Så er du glad i lage ting, det vere seg strikketing, trearbeid, bilder, smykker, kort, hekledukar.....ja, eigentleg kva som helst av kunst-og handtverk, så er dette plassen for deg. Her kan du få vise fram og selje dine produkt, samtidig som du støtter viktig utviklingsarbeid i Tanzania.

Hilke sender nå eit skriv ut til folk i Hjelmeland i håp om å få med messedeltakarar. Les brevet HER, der finn du òg kontaktadresse. Hilke håpar på deltakarar frå alle grender i Hjelmeland, så ta kontakt med henne om du er interessert. NB: Det treng IKKJE vere juleting.

FaceBook

 

Det er skummelt i bygda nå etter mørkets frambrot..

FaceBook

21 oktober var det årleg FN-kafè med basar på skulen. Det var relativt godt frammøte, sjølv om ein god del foreldre var forhindra å kome då arrangementer var midt i arbeidstida frå 11- 12.30. Men kjekkt at mange besteforeldre og andre bygdefolk fann turen hit denne dagen.

Loddsalget gjekk godt - overskotet  5 500,- går til skulen sitt adoptivbarn i Equador + at barnehagen solgte varer til inntekt for FORUT.

Barna i barnehage og skule stod for underhaldning frå scenen, og det var òg dei som stod for utlodninga av basargevinstar. Mange fine gevinstar blei spreidd ut til store og små i bygda.  Takk for gode kaker, vafler, saft og kaffeKiss

FaceBook

Firmaet NORSK PLAN, som i si tid bygde opp nettsida vår, har intervjua nettredaktørar til ulike nettsider, og på deira FIRMABLOGG kan du lese intervjuet om nettstaden til Jøsneset. Her kan du òg lese om Ropeidhalvøya si nettside.

Norsk Plan held framleis sida vår oppdatert i forhold til nye publiseringsversjonar oa support, og dette betalar Helselaget, Ungdomslaget og Bygdarådet ein fast, årleg sum for.

Send gjerne inn synspunkt på sida vår; eller  tips til forbetringar og utvikling Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den., Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

FaceBook

Dei to siste vintrane har me hatt besøk av Karin Tove Netland som har demonstrert og solgt ENJO-produkter i Trivselstova. Nå har ho sendt oss ei melding om at ho skal innover til Hjelmeland denne veka, og dersom nokon har spørsmål, noko er ødelagd eller ein treng påfyll av produkter, så kan de ta kontakt med henne nå.
Les  meldinga hennar ved å klikke på LES MEIR-knappen nedanfor :

FaceBook


Til tross for dei særs heftige regnbygene, så måtte berre Solveig og borna på Lønnehaugen driste seg ut i regnet med fotoapparatet i dag. For dei hadde fått auge på ein gigantsopp utanfor huset.....ein sopp med diameter på heile 43 cm !!

 

FaceBook


Dei fleste som er ute og ferdast på vegen mot Nesvik har nok merka gravinga  langsmed vegen. Det er kommunen som har sett i gong med vassutbygginga på Jøsneset. Første fase er å forlenge hovudvassledningen frå Mikal Laks og bort til skulen; der det skal etablerast nytt høgdebasseng.

FaceBook

Kristiane
Kristiane

Hjelmeland kommune har nyleg vedteke ny kommuneplan - eit dokument som er kommunen sitt viktigaste styringsverktøy dei komande åra. Tekstheftet til planen er illustrert med flotte barneteikningar og koselege dikt - alle bidraga er laga av elevar ved Jøsneset skule.

FaceBook

I runden rundt i bygda blei det samla inn 30-40 brukte mobilar, som nå blir resirkulert hjå Telenor. Dette brakte +/- 1300 kr inn på kontoen til Hjelmeland Idrettslag, som gjorde innsamlingsjobben for Telenor. Takk for bidraga.

FaceBook


Alle har vel lengta etter sommaren som ikkje heilt slo til i år. Og den historisk regnfulle og klissblaute september månad gjorde vel sitt til at me blei enda meir "værsjuke" enn godt er. Men som eit lite eventyr openberra dei siste dagane i september seg med sol, blikkstille fjord og over 20 grader varme dagar !!! Dette var kjærkomme for oss alle, og kanskje aller mest for bønder som driv væravhengige produksjonar.

Her er Inge Torkel og Klara i full aksjon med omstabling av vedsekker. Inge har hatt ein ekstremt arbeidskrevjande sommar, og hatt mykje ekstra arbeid med vedproduksjonen pga det dårlege været.

FaceBook

 TORSDAGSKVELDAR I GYMSALEN PÅ SKULEN kl 20.00.
Ungdomsskulealder og oppover. Ta med deg naboen, kompisen, kånå, venner og kjendte - volleyball er god, gøy og sosial trening.

(og ps: tenk viss det blir Skiftudalen Open- turnering til sommaren ------ då må du legge deg i trening)

Arr: Jøsneset Ungdomslag

FaceBook

Det var Helga Havnerås, Berit Hjorteland og Terje Bremnes frå Bygdarådet som stilde som bøssebærarar for TV-aksjonen til Flyktninghjelpen i år.

Helga fortel at dei blei positivt mottatt og at seddel etter seddel blei putta på. Mange sat klar med pengane då dei ringde på, medan andre hadde hengt pengar klar i pose på døra til dei.

Svanhild Hjorteland sørga for å få pengene brakt over til Hjelmeland Sparebank for opptelling.
Det blir ikkje kunngjort kor mykje kvar enkelt bygd samlar inn, men kun kommuneoversikt.
Pr søndag kveld kl 23 er det mottatt kr 63 pr innbyggjar frå HjelmelandSmile. Det er ca dobbel så mykje som landsgjennomsnittet pr nordmann.

Kanskje du var ute då bøssebærarane kom: då kan du ringe 820 44 110 - så gir du kr 200 via din telefonrekning.

FaceBook

I gjesteboka i "Kalvagaren" v/ Fosstemmen er det ein turgåar frå Stavenger som opplyser at han har mista kniven sin på strekninga opp til Fosstemmen.

Om nokon finn den, så er han veldig glad om han får den igjen.
Kniven er svart, og det står "cold steel" på bladet.
Han opplyser ikkje om det var på skogsvegen eller turstien han gjekk , men hald utkikk begge stader.
Kniven blei mista nå etter snøfallet som kom i slutten på veka. Det ligg framleis 15 cm i området, så kanskje den er vanskeleg å finne før snøen smeltar.

Skulle du finne kniven så kontakt Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller 97007636.

FaceBook


"And the winner is".........nei, ikkje akkurat denne karen......men han er jo ein medverkande aktør på garden som fekk prisen:  BØEN v/ Silje Sværen og Øyvind Oaland.

FaceBook

JØSNESET LAURD 23.OKT kl 13.00 - 17.00

v/ Jøsneset skule.

GPS-løp, puttball, hinderløype mm i regi av Gjil Aktivitetssenter.
For ungdom frå 8.klasse og eldre.
Matservering.
Meir info på facebooksida "Ung i Hjelmeland"

Arrangør: Jøsneset Ungdomslag, Jøsenfjorden Fritidsklubb, Frivilligsentralen.

FaceBook

Fylkestinget har etter søknad frå Hjelmeland kommune godkjent å utvide jakttida for hjort for Randøy og Jøsneset storvald slik at desse storvalda kan jakte til 29. november. Løyvet gjeld ut 2011. For andre vald er det framleis 15. november som er siste jaktdag for hjort.

FaceBook

Damekvelden skal ta turen til Jøsenfjorden den siste torsdagen i oktober, den 28.

  • Felles skyss – oppmøte Jøsneset skule, kl. 19.00.
    • Påmelding: til Ingeborg, tlf 928 50 297 innan 23.okt
      • Pris: Medlem 80,-. Ikkje medlem 130,-
         (inkluderer skyss, omvisning, motivasjonsforedrag og matservering)

Sjå plakaten her.

FaceBook

Familebading og helsebading startar opp att den 18.10 og treng badevakter. I det høvet arrangerast livredningskurs måndag 18.10.10 kl. 19.30 på Hjelmeland ungdomsskule. Vi oppfordrar flest mogleg til å delta på kurset. Jøsneset helselag dekker utgiftene for dei som ynskjer å stille for Jøsneset.

Arr. Helselag og sanitetsforeningar i Hjelmeland i samarbeid med Hjelmeland røde kors.

FaceBook

Helselaget minnar om at barnetrimmen startar opp att for hausten den 20. oktober. 

Det er barnetrim anna kvar onsdag. I haust blir det tilbod for 1-4. klasse frå klokka 18.00-18.45. Så kan 5-7. klasse trimme seg frå klokka 18.45-19.30.

Nærare informasjon om ansvarlege for trimmen vert delt ut til alle elevane, du kan og lese det her. 

FaceBook

Helsebading startar igjen 18. oktober og kvar måndag fram til og med 29. november. 

I bassenget på Hjelmeland ungdomsskule. Småbarn m/føresette kl 17.30-18.30. Helsebading kl. 18.30-19.30.

FaceBook



Eplehausten er for fullt over solbygda, og dei epla som ikkje går til direkte konsum blir i desse dagar til deilig,sunn eplesaft.

FaceBook

Jøsneset skule og barnehage innbyr til kafè og basar på Jøsneset skule onsdag 20 oktober i tida 12.30 - 14.00.

Overskotet går til to fjernadoptivbarn i Equador.

På programmet blir det enkle opptrinn av elevane og barnehageungane.

Barnehagen har jobba med eit prosjekt frå FORUT og vil i samband med det selje nokre varer som er produsert i landi sør og vert seld til inntekt for FORUT.

Arrangøren håpar at så mange som mulig får anledning til å møte.

Gåver til basaren mottas med takk.

Alle er velkomne.

FaceBook

Likar du villsau-produkt, kalvekjøt og litt epesaft attåt?

Nå er alt dette under produksjon og pakking - og tida er moden for bestilling.
"Buhagen" fristar med ny nettside, og har lagt ut prisliste/kontaktskjema HER.

FaceBook

Nå skjer neste steg mot realisering av ny utsiktsplass ved RV 13, Bastbergneset i Jøsenfjorden: det er nå varsla oppstart av reguleringsplanarbeid for området.

images/JUL/basberg.jpg

I 2008 var det ein stor arkitektkonkurranse på gong for unge norske formgiverar, og det gjekk ut på utforming av raste/utsiktsplasser langs Nasjonal Turistveg. Den eine konkurransen dreide seg om utforming av utsiktspunktet ved Bastbergneset i Jøsenfjorden. Det var arkitektkontoret Lie Øyen Arkitekter AS som vant konkurransen.

Nå er dette prosjektet klar for realisering, men før etableringa tek til må området regulerast. Planfirmaet Asplan Viak i Stavanger lager planen på vegne av Statens Vegvesen, og planen skal behandlast i Hjelmeland kommune.

Grunneigarar i området er Ellen Louise og Trygve Brandal, og Bastbergneset ligg mellom Varane og Eiane, med Skomakarnibbe-massivet vis-a-vis over fjorden. Frå dette neset har ein utsikt heilt inn fjorden, og heilt ut fjorden, så det er ein kjempefin utsiktsplass.

Planen er at det skal etablerast p-plasser ved neset (som ligg litt lengre inne i fjorden enn der fotoet er tatt), og det skal opparbeidast trapper/gangsti ned til sjøen. På dette neset er det ei stor sprengstein-ur. Det skal strekkjast eit slags gitter/nett over deler av ura; og det skal plantast vegetasjon som etterkvart skal kle ura.  Sjå planane som vant arkitektkonkurransen her.  Prosjektet er ein del av Nasjonal Turistveg-satsinga RV13.

Når dette er nemd, kan ein òg nemna at det er hogd ut mykje skogsvegetasjon på nedsida av vegen, slik at sikten mot fjorden igjen blitt flott på deler av strekket mellom Nesvik og Vindsvik. Dette er òg ein bit av turistvegprosjektet.

FaceBook

Tradisjonen tru, så arrangerte Jøsneset skule og barnehage FN-kafè med basar i tilknytning til FN-dagen. Dette klaffa då i år på fredag den 23.oktober.

Alle barna både i barnehage og skule hadde førebudd denne dagen: Barnehagen selde sjølvtørka epler som var knaskande gode. I tillegg hadde dei "butikk" der de selde mange fine FORUT-produkt. Skuleborna hadde førebudd seg på kjøkkenet, og hadde baka mange gode kaker som mellom anna blei lodda ut.

Frammøtet var etter måten godt; det var trass alt ein kvardag midt på dagen; men nokre foreldre som hadde høvet til å sleppe frå jobb o.a., møtte opp. Dessutan var det kjekkt med besøk av både tilreisande og fastbuande besteforeldre, pensjonistar og andre vaksne.

Me fekk servert ein lite knippe opptrinn på scenen frå borna; det var både song, songleiker og skikkeleg frisk dans !! Festleg !!
Elles var det kafè med mmmmm-mange gode kaker, vafler, kaffe og saft. Basarsalget gjekk unna og pengane strøymde inn i kassen.

Rektor Rasin var vel fornøyd med pengebidraga;
inntekta går direkte til barnehagen sitt FORUT-prosjekt og skulen sitt fadderbarn i Eqador.

Flott bidrag + kjekk kafè = to fluer i ein smekk.

FaceBook

.
images/ung/haust096.jpg
SEND OSS DINE HAUSTMOTIV på Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

FaceBook

Me er midt inni det som er årets "høgtid" for hjortejegrane. Naturen står kledd i dei vakraste fargar - og det har alt vore mange fine jaktdagar i år. Nytt for jaktåret 2009 er at jakttida for hjort blir forlenga 14 dagar, altså fram til 29.november 2009.

Det er Jøsneset Viltlag som har søkt om dette, og noko av argumentasjonen er aukande stamme, skader på innmark og gjerder, lågare slaktevekt, meir hantikke, mest hjort i området ved slutten av jakttida og mildare haustar som gir meir løv på trærne seint i sesongen.

Hjelmeland kommune v/ Vilt og innlandsfiskenemda tilrådde søknaden, og skriv mellom anna i si sak:  

" Jøsneset Viltlag fekk i 2007 tildelt 50 dyr, og felte 39. Dvs ein fellingsprosent på 78. Valdet har forvaltningsplan og er det største valdet i Hjelmeland kommune. Kommunen ser på valdet som eit godt eksempel på korleis eit storvald skal fungera. Det går fram av mengd felte dyr at ordinær jakt er effektiv. Difor tilrår kommunen forlenga jakttid".

 Søknaden gjekk vidare til endeleg behandling hjå Fylkesmannen i Rogaland, og Fylkesmannen har nå gitt løyve for utvida jakt slik omsøkt.

Fylkesmannen skriv at løyvet om utvida jakt gjeld kun på Jøsneset og kun for 2009. Ei eventuell vidareføring av ordninga føreset styrka dokumentasjon av behovet.

Så pass deg Kong Hjort......du lever farleg lengre i år.....images/JUL/Bilder/hjorts.jpg

PS: har du ei god jakthistorie eller spanande jaktbilder???? Del de for all del med www.josneset.no
Kan sendast til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

 

 

FaceBook

I midten av september fekk Jøsneset eit gledeleg 1 pluss i folketal.
Denne gongen var det Skiftu-grenda som gjekk eit positivt hakk opp i folketalstatistikken:
Ola og Lene fekk ei finfin jente !! Me gratulerar foreldre og familie forøvrig !Kiss

FaceBook
Jøsneset helselag har nå laga ferdig høringsnotat i høve endring av Nasjonalforeningen for folkehelse sitt handlingsprogram.
FaceBook

Torsdag 30 oktober arrangerer Helselaget Damekveld på Mikal Laks på Jøsneset, og då blir det omvisning med Astrid Fossa Viga.

Du kan førebu deg på besøket ved å lese meir om røykelaks-verksemda på deira eiga nettside www.kingmikal.no.

Her finn du oversikt over produkta, prisane, bestillingsskjema og ikkje minst - masse spennande lakse-oppskrifter !!
Dei tilbyr òg flotte gåvepakningar -  eit godt julegåvetips !!

Mikal Laks ligg ved like ved bygdevegen, ca 1,5 km frå Nesvik ferjekai. Me har òg lagt inn link til verksemda under menyen NÆRINGSLIV.

images/laks.jpg

 

 

 

FaceBook

Nasjonalforeninga arrangerer festforestilling på Chat Noir 10.11.08 kl. 19.00. Ingrid Bjørnov og Dennis Storhøi er programledere. Ellers er det mange kjente artister med. Dette er for å setje fokus på demenssaka. Det er ikkje så mange som klarer å få til å reise heilt frå Jøsneset til Oslo på konsert, men då er det greit å vite at denne konserten kjem til å bli sendt på TV2 i jula, søndag 28 desember.

Sjå meir om konserten her.

Det står også om konserten på nasjonalforeningen sine nettsider her.

FaceBook

Sønd 02.11 har Ungdomslaget reservert banar i bowlinghallen på Sand, så då blir det et slags "Jøsnes-mesterskap i bowling".

Aldersgruppe:
frå storskulealder og oppover - kjekkt viss både barn/ungdom og vaksne har lyst å bli med !!
Tidsrom: kl 17.00 - 19.00. Avreise frå Jøsneset i 16 tida. Me organiserer transport.

Pris +/- kr 100,- , men det avheng litt av kor mange som blir med (billigare jo fleire som blir med).
Få med deg vennene dine og bli med !! Det er òg moglegheit for billiardspeling - og det er kiosk i lokalet.

Pga banereservasjon må me ha påmelding innan torsdag kveld 30.okt.
Påmelding til Sven på tlf/SMS 51 75 15 22 / 928 62 410 eller e-post Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den..

 

Den lokale verksemda BUHAGEN har nå salgsklare produkt: villsau og eplesaft.images/bilder/buhagens.jpg

Og tenk på jul: legg inn bestillinga på julematprodukta nå !!

FaceBook

Me observerer nå at nabobygda vår i aust, Jøsenfjorden, nå er på nett !!

Her finn de informasjon om Jøsenfjordbygda, om lag/foreningar, aktivitetar med meir.

Me gratulerar Jøsenfjorden med fin side, og me har nå lagt ut lenke til nettstaden på vår undermeny LENKJER.

Eller gå rett til deira bygdeside her .

FaceBook
Ein god frukthaust går mot slutten på Jøsneset, og skuleborna er blitt inspirert av all frukta rundt dei.  Etter besøk i frukthagen hos Jostein Hjorteland gjekk dei sporenstreks tilbake til skulen, og laga ei flott lita utstilling av "fruktbroderier".

Ta ein tur innom Jøsneset skule si heimeside og sjå ulike kunstverk laga av nål og tråd, og inspirert av ganske vanlege, lokale epler, pærer og plommer.

På skulen si heimeside kan du m.a. òg lese om grønnsaksuppekoking i skogen, om når dei laga aronia-saft av eigne bær  - og om korleis dei blir inspirert til meir fysisk aktiviet.

FaceBook

Scenetilbygget til Jøsneset skule er igjen ute på anbod.  Det har meldt seg interesserte til grunnarbeid og elektroarbeid, men framleis manglar det tømmermenn !!  Men det jobbast med saken, og ein håpar etterkvart å få tak i eit firma som vil påta seg jobben. Ettersom alt anna er "i boks" ville det vere synd om utbygginga strandar nå; når ein nesten er komen på oppløpssida.

Har du eit tips, så ta kontakt: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den..

 

 

FaceBook

Siste torsdag i oktober mnd er det igjen duka for damekveld. Denne gongen skal vi møtast ved Mikal's laks kl. 20.00. Sjå www.kingmikal.no  Astrid Viga vil ha omvisning for oss på fabrikken, og deretter vil vi ta kaffi-drøsen der. Sidan ho åpnar ekstra for oss om kvelden så håper vi så mange som kan møter opp! Dersom du treng skyss må du berre ringe.

Arr. Helselaget v/ Jorunn tlf 99638803

Eldretreffen skal vere litt kulturelle i haust og reiser til Hjelmeland på Edvard Hoem den 29.10.08. Den byrjar kl. 19, men før det skal dei få omvisning på Axel Hansson med god fiskesuppe etterpå, laga av kokken Roy som jobbar der. Til våren er det planar om ein tur til Trodla-Tysdal.

Styret i helselaget har hatt møte og samla saman kor mange som syns det høyrtes interessant ut med tur til julebyen i Eigersund. Det var berre 6 stk som hadde meldt sin interesse for dette. Det er for lite og det blir difor ikkje tur dit.Frown

Derimot kjem vi nok til å få til noko anna spanande i månadskifte november/desember. Dette blir det avgrensa plasser på minimum 5 og max 13 stk, så her må de fylgje med på vidare annonsering dersom de vil vere med på dette! Smile

FaceBook

Jøsnesbuen Joar Rosså deltok i helga i NM i saueklipping i Bjerkreim - og gjorde der ein bra debut i meisterskapssamanheng. Joar kom vidare til finalen i sin klasse, Maskinklipping Junior, og fekk til slutt ein fin 6.plass!  images/jos03.jpg

FaceBook

Søndag 21.9 var det innsamlingsaksjon på Jøsneset. Bøssebærarar frå helselaget var ute mykje av søndagen. Resultatet var kjempebra! Det vart i år samla inn kr. 3.770,- og beløpet gjekk i sin heilhet til årets aksjon. For meir informasjon kan de sjå her

 

FaceBook
Facebook