I slutten av mars dukka det opp et par STILIGE SOKKAR på Håvehammar, og dermed starta eit lite "stilige-sokkar-eksperiment". Spørsmålet var: trur du et par stilige sokkar klarer å komme seg innom alle 10 turpostane på Jøsneset ila 2019 ? Svaret er JA , og det tok litt over 8 månader. Dei blei plukka opp på den tiende og siste turposten på den nydelege lørdagen 30 november. Same kvelden blei det loddtrekning blandt turdeltakarane som hjalp sokkane rundt: Vinnaren blei Jakob Hjorteland Gbada, som sjølvsagt vant....ja: SOKKANE ! Jakob bidrog med 2 "etappar" i sokkestafetten !! Takk til alle som deltok !

Det var eit par slike sokkar som har vore på vandring ! Slike sokkar får du tak i på nettbutikken STILIGE SOKKER.NO som blir driven av Ola Nesvik frå Hundvåg. Hans foreldre har hytte på Nesvik, og Ola har lagt ut Stilige Sokkar på fleire turpostar på Jøsneset. Men det er nok berre dette eine paret som har farta rundt i 8 månader til ALLE turpostane. Ola fortel at sokkane hans òg er blitt lagt ut både på Galhøgpiggen, Besseggen og Preikestolen. Men me vågar igjen påstanden, at det er akkurat dette paret som er desidert mest UTHALDANDE smile  TAKK til Ola som donerte sokkane på Håvehammar, og ga de sjansen til å bli med på eit Jøsnes-eventyr frå post til post.

Sokkaturen starta her på Håvehammar ein kveld i mars !

 

Her frå Gunlanuten ein vakker påskedag

Sokkane på Høgafjell 

Ein tur oppom Tausanibba på forsommaren

Sokkane fekk seg til og med ein kanotur på Fosstemmenwink i fellesferien

Her er ruta sokkane tok ved hjelp av 8 ulike turgåarar: Håvehammar mars - Gunlanuten april  - Høgafjell april  - Brynå april - Tausanibba mai - Norda Høgaste juni  - Røssenibben juni - Fosstemmen juli - Nesdalsfjellet september- Valafjellet november.

Takk til alle som deltok , nokre av de 2 og 3 gonger wink

Nå har sokkane kome seg him og får garantert feira jul inne i husvarmen undecided

 

PS : eit lite julegåvetips !!!  Stilige sokkar såklart :


 

 

FaceBook
Facebook