Det er for tida ein spanande arkitektkonkurranse på gang på Jøsneshalvøya.  Nærare bestemt på Bassbergneset. Konkurransen er ein del av Nasjonal Turistveg si satsing på RV13, og her skal det bli ein fin raste- og utsiktsplass.
images/JUL/basberg.jpg

Bassbergneset ligg på eigedommen til Ellen Louise og Trygve Brandal, like utanfor Bassbergvika. Når du står ute på dette neset, så ser du heile fjorden; frå ende til annan. Dessutan er det flott utsikt mot det flotte Skomakarnibbe-massivet tvers over fjorden.

Dette er utgangspunktet for at Nasjonal Turistveg satsar på eit flott utsiktspunkt her. Av 100 prekvalifiserte arkitektfirma, er det nå sila ut 5 arkitektfirma som kvar skal lage sine forslag til utforming av denne raste- og utsiktsplassen. Her skal det bli bord og benker, og moglegheit til å oppleva fjordlandskapet på nært hald.

RV13 strekninga frå Oanes til Røldal er ein av fleire Nasjonal Turistveg-strekningar, som samla skal marknadsførast som turistattraksjon i Noreg. Langs desse strekka skal ein mellom anna satse på ny og spanande arkitektur på utpeika plasser.

For Bassbergneset er det sett av 3 mill til opparbeiding. Arkitektane skal ha sine forslag klar 23.juni. Jurybedømminga er 10 juli. Anlegget skal vere ferdigstilla i juni 2011.

Utsikt mot Skomakarnibbå - foto Grete Kongshaug             Her er det planar om flott utsikt-og rasteplass

FaceBook
Facebook