Tysdag 7.mars hadde Jøsneset Helselag årsmøte i god tradisjonell stil: basar, trekning i turbøkene, helserelatert innlegg og vanlege årsmøtesaker. Ganske godt frammøte: 24 stk derav 1 mann (!) og 3 barn - så ja; Helselagsarbeid er framleis kvinnedominert !!  Cesilie Wåland held fram som leiar, og har nå med seg Anne Lise Rosså, Ellinor Mæland, Jarle Langvik og Eldbjørg Bjørnsen som faste styremedlemmer, medan Svanhild Hjorteland Gbada og Eli Fosstveit som aktive varamedlemmer.   Jarle  er såleis eit positiv innslag frå herresiden - er det eit teikn på at trenden vil snu?

Berit T Skiftun hadde eit innlegg om Temakafè for kreftpasientar som ho og Gunhild Ask har tatt inititiativ til å starte i Hjelmeland. Det er ein tema-kafè primært for folk som er/har vore ramma av kreft - og deira pårørande. Eit flott opplegg saman med Kreftforeningen og med god støtte/bistand frå gode helsearbeidarar i kommunen. Neste kafètreff er 26.april.

Gevinstbordet fyltes opp - og masse fine gevinstar blei spredt ut i bygda 

Anne Tjeltveit var iherdig basarbok-skrivar og foretok utlodning etterpå - Kr 6 395,- kom inn på basaren !

Anne Tjeltveit og Berit Hjorteland gjekk ut av styret.

Berit Hjorteland la fram resultater frå turpost-bøkene på årsmøtet - Det viser ein yrande og aukande aktivitet på alle dei 9 turpostane som Helselaget har - dette kjem det ein eigen artikkel på her på nettsida. Det blei òg trekt vinnarar frå alle turpost-bøkene, som fekk gåvekort frå EnkelButikken - dette blir òg kunngjort i eigen artikkel.

Styret vil konstituere seg på eit seinare styremøte - meir info kjem . Kontaktperson for Jøsneset Helselag er leiar Cesilie Wåland - Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. 


Takk til alle som deltok på årsmøtet og som stilde med gåver til basaren !


JØSNESET HELSELAG - 2017

 

FaceBook
Facebook