Laurdag 12.02 inviterte Bygdarådet, Helselaget og Ungdomslaget heile bygda på bygdetreff med underhaldning og mat - der innflytterar ila dei fem siste åra var særskild velkomne. KorLøye - eit lite kor som består av damer frå Jøsenfjorden og Jøsneset - fekk starta "showet" med tre songar....og desse damene driv på med dette kun med eitt formål :
ha det løyeWink

Deretter fulgte Bygdarådet på. Dei hadde flotte "velkommen-til-bygda"-orkidear klar til alle innflytterane. Desverre var det fleire av dei ny-innflytta som ikkje hadde høve å møte denne dagen - men difor ekstra koseleg med dei to barnefamiliane som var til stades og fekk overrekt sine blomar: familien Foss i Knutsvik og familien Skiftun i Skiftun.  Dei som ikkje var til stades fekk/får sine orkidear "på døra" - som ei velkomsthelsing frå bygdefolket.

Elles blei det ein kort presentasjon av dei tre ulike laga i bygda og kven som sit i dei ulike styra - oversikt på dette finn de òg her på nettsida under lag/organisasjonar. Det blei òg vist ein fotopresentasjon av Jøsnesbygda: av natur og folk gjennom siste året.

Men viktigast av alt: God tid til mat og prat. Det blei servert varm meksikans tomatsuppe med masse godt tilbehør - og deretter kaker og kaffe.
Og drøsen gjekk godt rundt borda !! Arrangørane hadde nok ønska litt betre frammøte - men bra likevel: me runda over 50 til bords, og det blei ei koseleg stund for alle.

Kvelden blei avslutta med høgkulturelt ballettinnslag: aldri har me vel før sett ein 2 meter lang Fossdalsbu sveva høgt over scenegolvet - iført gulkrølla hår og ballettskjørt  !!
SvenWestersjø har visst som mål å ta påskerevyen til nye høgder - bokstaveleg talt Laughing. Han minna om at det nå er 70 dagar igjen til årets høgdepunkt: Påskerevyen!! Revygjengen er alt i sving, men syns det er veldig kjekt om det er fleire som har lyst å bli med til å spele, synge,skrive og rigge.



FaceBook
Facebook