Dei trufaste ferjependlarane blei møtt av ein nypynta julesalong på mandagsmorgonLaughingJuletreglitter er sirleg hengt opp over vindauga i alle salongar på ferja - så her kan du hente tips til di eiga julepynting i heimenWink

Pendlarane er bittelitt usikre på om pyntinga er heilt "i boks" for i år.......dei årvisse julestjernene på bordene i salongane har enda ikkje dukka opp. Men dei kjem kanskje òg?

Uansett har pendlarane ei koseleg morgon-og ettermiddagstund i lag på ferja - tid til "den gode 10-minutters-samtalen". For tida er det ivrig strikking på gang.  Mang ein tova-vott og sokk har blitt til undervegs over fjorden. Og praten går om laust og fast, og folk møtes på tvers av bygder og arbeidsplasser. Ferjå er ein viktig møteplass, og folk i bygdene her er heldige som kan reise på jobb utan stress og lange køar.

Og julastemninga er altså komt ombord.....nesten som "Julafergå" som gjekk som julekalender på TV2 i 1995 Wink manglar berre musikarane.

  

FaceBook
Facebook