Nok ein gong trør me til med "Min Jøsnes-sommar 2010"-fotokonkurranse:

 

 

 Ei veke etterat konkurransen starta, har me enda ikkje mottatt eitt einaste bilde......sjøv om ca 200 stk har lest artikkelen. Kom an folkens !!!

Her er vinnarbildet "sure bær" frå i fjor: herligt, friskt, frodig, spontant og stemningsfullt......fargar og lys: alt vitnar om ekte sommarstemning. Til saman fekk me i fjor mange flotte sommarlege bilder frå alle kantar av bygda.

Nå vil me ha ditt sommarbilde frå Jøsneset 2010 :

anten frå båten,  terassen, på hytta, på jobb, i heia, i hengekøya, på ferja....kor som helst. Det kan vere av natur, blomster, vær, dyr, fenomener, aktiviteter, mat....kva som helst. Det kan vere stemningsfullt eller komisk, rart eller nusselig.....det er opp til deg :-)

Bli med å gjere nettsida vår mangfoldig og koseleg med bilder frå Jøsneset sommaren 2010.
Send inn til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. heile sommaren fram til 1.sept.

Jøsneset Ungdomslag kårar då ein vinnar - som får ein fotorelatert premie !!

Har du ikkje fotoapparat, men liker godt å teikne/male: send oss gjerne bildet ditt, så legg me det ut.
Gi ev beskjed på 97 00 76 36, så avtaler me henting av bildet for scanning.

FaceBook
Facebook