I dag/kveld var det full dugnadsaktivitet i ballbingen igjen . Forholda ligg ypperleg til rette for å få til skeiseis i bingen - med minus 10-15 kuldegrader i lengre periode. Einaste ulempa var all snøen som måtte vekk!! Snøfresar viste seg ikkje å vere særleg effektiv til slikt areal. Men den vesle blå traktoren til Joachim smøyg seg fint inn i bingen, og var svært effektiv som snøskuffe.
Utpå kvelden var bingen såpass snøfri at vatnet blei sprøyta på. Brannmannskapet fekk øve seg på utstyrs-bruk i sprengkulde (som i seg sjølv er viktig å øve på), og dei stilde både med traktor, vannvogn, pumpe, slangar og ikkje minst god bemanning !
Koss enden på visa blei, dvs kor god isen blei, var ikkje klart i skrivande stund........men følg med på nettsida her, så tipper me at det snart dukkar opp bilder av skeisande barn og elegante kunstløpdamer
Nytt frå Strandbuen
- Beruset mann gikk på høyt tak – 100 bilister stoppet i UP-kontroll
- Glede over at stadig flere tar bussen – men en reisemåte i Ryfylke har stor nedgang
- Frida elskar å vera i rampelyset – fekk ei uventa utfordring før premieren
- Første framsyning med ny lærar – sjå alle bilda frå generalprøva
- Mange alvorlig skadet på elsparkesykkel de siste tre årene: – Jeg venter på å se alvorlige ulykker med tenåringer