Søndag 6. desember trassa store og små Jøsnesbuar stormen for å tenna julegrana ved brannstasjonen.
 
Kraftige vindkast frå aust klarte fleire gonger å få juletreet til å gå over ende, og den stolte grana måtte flyttast opp på skuleplassen.
    Etter eit luftig fakkeltog frå Skiftunkaien blei julelysa tende, og folk fekk varma seg med gong rundt treet, gløgg og peparkaker.
    Trass i at treet blei flytta i siste liten, fann nissen vegen med godsaker til dei minste før han drog heim til Gunlanuten!
FaceBook
Facebook