Silje på Bøen og Bygarådets bulystgruppe inviterte òg i år til felles julepåleggskveld. Silje hadde praktiske lokaler og flotte kjøtprodukt frå Fatland klar då den eine kvitkledde etter den andre entra skjærebretta....klar for rullings ! Tilsaman 10 personar rulla og sydde og rulla og sydde.......og vips så blei det både sylterull og lammerull.....og litt til....av julepålegg klart.

Les oppskrifta, set inn fokus - klar for kjøtpålegg !

 


Det ferske fine kjøtet ligg klar til å bli omvandla til juleduftande pålegg.

 


Det blir garantert deilig kjøtpålegg å få på Fosså i år òg !

 


Silje skreller løk, og gjer klar leveren til leverposteien.

 

 


Dette var det nærmaste me kom hardangersaum dette året Wink dette blir festmat !

 

Lammesvangane blir sydd saman til ein firkant, fett blir skjært bort og svangane fylt litt opp med reint kjøt.  Deretter på med krydder; salt, ingefær, pepper og litt sukker.....og så er det å rulle og sy, rulle og sy......og så svuuuuup ...inn i vakummaskinen og vips: Ferdig !

Alle drog heim med 2-3 kg pålegg kvar - mmmmm....mykje god mat i vente.

Takk til alle som bidrog til ein triveleg jule-arbeids-kveld - Og takk til Silje som fiksa alt klart !

 

 

FaceBook
Facebook