1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower


Veit du namnet på denne tjødnå?

I likhet med Runda Tjødnå (sjå artikkel lengre nede) ligg òg denne vesle tjødnå på Herefjellet; like aust for NordaHøgaste.

 


Tjødna ligg ikkje så langt frå kanten ned mot Erfjorden; dette bildet er tatt i retning Erfjord.

 

Tjødnå er såpass liten at den ikkje er namnsett på kartet, men det finst kanskje eit lokalt stadnamn på den?
Den ligg like ved merka sti mellom Skiftustølen og Norda Høgaste, som betyr at dei fleste som har gått Hardhausen nok har passert her, og kanskje tatt ein god rast akkurat her. Tjødnå ligg på ca 600 moh.

Om du veit namnet, kan du tipse oss på Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.


Dette bildet er tatt mot sør; og terrenget stig opp mot NordaHøgaste.

PS: til hausten er det planar om å gjere ei litt systematisk innsamling og kartfesting av lokale stadnamn på Jøsneset. Så om du kjenner mange heilt lokale namn på knausar, tjødner, berg, bekkjer og steinar rundt der du bur, så ikkje la de gå i gløymeboka. Meir info kjem, så følg med !!

FaceBook
Facebook