1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Hjertemarsj 09

Onsdag 06.05.09 frå 12-13 var det hjertemarsj på Jøsneset. Jøsneset helselag arrangerte marsjen for tredje året på rad. Hjertemarsjen blir arrangert for å setje fokus på forebygging av hjerte- og karsjukdommer. Ca. 50 % av alle dødsfall skuldast hjerte- og kar sjukdommar. Hjertet er ein muskel som må trenast, og det blir anbefalt å være i fysisk aktivitet 30 min dagleg. Ein kan godt bli anpusten, slik at ein mest ikkje kan snakke. Då gir treninga god effekt for hjertet.

38 stk med stort og smått gjekk marsjen på Jøsneset i dag. Skule og barnehage var med, samt nokre frå eldretreffen. Alderen var spredd frå en to måneder gammel baby til en på over 80 år! Det kan vi kalle et arrangement på tvers av generasjonane! Det syns vi er svært positivt. Vi hadde litt regn i starten, men når vi kom i mål så skein sola, så vi kunne ta frukt og vatn ute. Alle deltakarane fekk seg ein pins. Det vart og loddtrekning av fleire premiar blant deltakarane. Noen av skuleungane sprang 4 runder rundt nullen på den halve timen vi gjekk, dei fekk skikkeleg trent hjerta sitt!

  

FaceBook
Facebook