1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Endeleg ! Nå er det klart for scene-bygging på gymsalen på Jøsneset skule!!

1 1/2 år etter at Jøsneset Ungdomslag på eit ekstraordinært årsmøte vedtok å bidra med inntil 250 000,- til scenebygging, er det nå endeleg klart for bygging !! Først måtte saken gjennom formannskap og kommunestyret; for det trengs bidrag frå kommunen òg for å kunne gjennomføre utbygginga. Vidare måtte det òg utarbeidast tippemiddel-søknad; som skal dekke ca 1/3 av kostnadane.

Deretter blei det vanskeleg å få tak i tømmermenn/entreprenør, og tida gjekk.  Men nå; etter eit par utlysningsrundar er det endeleg klar for  utbygging.

Det er Natland Graveservice AS som skal gjere sprenge- og gravearbeidet + massetransporten. Vidare er det Hjelmeland Bygg AS som skal utføre tømmermannsarbeidet, og Rogaland Elektro AS skal foreta elektroarbeidet.

Utbygginga er på ca 70 m2, og påbygget blir ut frå langveggen på gymsalen, dvs mot aust. Påbygget vil innehalde både scene, to små omkledningsrom og eit stort, godt lagerrom.  Dette betyr at både skulen og lag/foreningar i bygda får betre og romslegare forhold......og ikkje minst......dei som opptrer kjem "opp frå golvet" ! Me vil difor få eit heilt anna, og MYKJE betre,  forsamlingslokale i bygda enn me har hatt fram til i dag. Endeleg skal me få sjå og høyre litt betre når nokon opptrer  !!

Grunnarbeidet startar sannsynlegvis allereie nå før jul !! Kiss

 

FaceBook
Facebook