Arbeidet går framover! Folk har vore å jobba på bygget både lørdag, søndag, mandag og nå i kveld tysdag var det 8 stk på plass på fellesdugnad  i +/- 3 timar. Mesteparten på framsida blei skrapt, og det blei malt vidare på baksida.  Det er framleis mykje arbeid som gjenstår. Det blir NY FELLESDUGNAD på TORSDAG 20.JUNI kl 17.00 og utover kvelden (meldt bra vær) -

FaceBook

Ny felles skrape-og maledugnad: TYSDAG KVELD 18.juni frå klokka 18.00 og utover kvelden. Ta med skrape og/eller stige viss de har! Ellers er det stilas og alt maleutstyr på plassen. Dersom tidspunktet ikkje passar; gi gjerne beskjed til Unni i Bygdarådet 403 94 743. Det er ein relativt stor jobb som skal gjerast, så alle er oppmoda om å bli med ei økt og to - når det passar. Men fint å få beskjed, slik at ein kan forklare litt ift kva som skal gjerast .

FaceBook

Bygdarådet ønskjer alle velkommen - og her kan du lese meir jonsokfeiringa

FaceBook

Gamle skulebygget med Trivselstove-tilbygget skal skrapast og malast.  Første dugnadsøkt er allerede lørdag 15.juni kl 10.00.  Har du sjanse å komme då, så flott ! Ta gjerne med skrape. Det er sett opp stilas på nedsida og ellers er det alt utstyr som trengs

FaceBook

Det var ikkje bare Hardhausar som forflytta seg frå nut til nut på 1.pinsedag. Også dei stilige sokkane fekk seg ein forflytting - med god hjelp av, ja, nettopp ein Hardhaus kom de seg avgårde frå Norda Høgaste til   kassen ved denne varden. Ser du kor det er ? Ja, då kan du gå opp å flytte den til neste turpostkasse.

FaceBook

 

Juryen i Jøsneset Helselag har jobba på sprengwinkog her er vinnar av årets  HARDHAUS-SELFIE :  Ronja (12) på toppen av Valafjell. Ronja gjekk i lag med far (som våga å stikka mobilen ut av lommen å få iskalde hender for å ta dette bildet), og her på toppen møtte de Therese Svihus, som blei med på selfien ! Friske, flotte og sosiale - med rekruttering i rekkene - det er slik me vil ha Hardhausane på Jøsneset !  Fotograf Eilef Foss får dermed premien: GRATIS DELTAKING PÅ NESTE ÅRS HARDHAUSEN!  Therese og Ronja får takk for flott bidrag ! Sjå alle dei andre friske, rare, herlige, sprøe Hardhaus-selfiane:

FaceBook

Mange kalde og klissvåte deltakarar på Hardhausen 1.pinsedag 2019. Her er to av våre ivrigaste deltakarar: Sylvia Frafjord og Anbjørn Vaage frå Erfjord. Dei deltok i år for 10.gong, og mottok 10-års-krusa !

FaceBook

HARDHAUSEN 2019 går inn i historia som eitt av dei desidert suraste av dei 11 fullførte arrangementa ! 1.pinsedag 2019 var ei samanhengjande laaang regnbyge med skodd frå begynnelse til slutt og vind på toppane....ja rett og slett et sorgens vær! MEN: dette stoppa ikkje våre 37 fantastiske deltakarar !! Heile 17 stk fullførte Hardhausen med 4 sure nutar med null utsikt.  15 stk fullførte 3 nutar ! 5 deltakarar valde å gå til 1 nut ! Arrangøren bøyer seg i støvet av entusiasmen, energien og humøret til deltakarane, her representert med team Myklebust-Hovda på Norda Høgaste (tenk de turde å ta opp mobilen for å knipse):  Fantastisk. Gratulerar til alle som deltok !! Og her er dagens resultat:

FaceBook

Vel er værmeldinga grå og litt våt ! Men me er overbevist : også årets deltakarar er smilande og glade for det !!  Me oppfordrar alle årets deltakarar til å sende oss foto frå vandringa - gjerne ein selfie frå ein av nutane ! Gjeld alle uansett kor langt de går ! Den friskaste, sprøaste, løgnaste selfien får ein liten premie i ettertid, og alle foto blir publisert her på nettsida !   Les meir om Hardhausen-arrangementet HER. God tur folkens !

FaceBook

-

For 11. gong har me gleda av å ønskje velkommen til Hardhausen - ei vandring frå topp til topp på Jøsneset. Alt er klar, bortsett frå værmeldinga: det meldes regn og 12 grader, så ha på gode klær, gode sko og mat og drikke i sekken. Me lovar fyr på bålet og varm kaffe frå kjelen !

FaceBook

Onsdag 5. juni er siste opningsdag for biblioteket før sommaren. Opningstidene er 18:00-19:30. Lesesirkelen treffest i biblioteket 19:30, og er open for alle som liker å lesa!

FaceBook

Nøkkelen til gymbygget som skal ligga i nøkkelboks ved gymsalen er vekke. Bygdarådet håper det er ein ivrig trimmar som ikkje har hugsa å legga den tilbake etter trening! Dersom den er mista vil me også gjerne ha beskjed!

FaceBook


I eit strålande flott sommarvær tok eldreklubben på Jøsneset den 27 juni ein dagstur til Suldal, der dei besøkte to spanande plasser på kva si side av Suldalsvatnet: Lali og Sukka gard.

FaceBook


I vinter fekk me ein veldig fin miljøstasjon v/ RV13 på Nesvik. Det er til alle si glede og interesse at denne blir halden velhaldt, fin og ryddigSmile. Det skal IKKJE setjast ting utanfor containarane! Her er bilder som RYMI har sendt oss av malingsspann og bilbatterier - som står utanfor containarane. RYMI minner oss om at slike ting IKKJE høyrer til her, men skal leverast til gjenvinningsstasjonane. Meir info nedanfor.

FaceBook


Neste helg er det Hjelmelandsmeisterskap i fotball, les meir hjå  HJELMELAND IDRETTSLAG. Her oppmodast bygdene i kommunen til å stille lag .
Det ryktes at karane på Jøsneset  er i ferd med å mobilisere eit herrelag, og til det treng de 11 mann!! Men kva med kvinnene?? Der trengs det berre 7.
Me håpar her at "ung-kvigene" på Jøsneset her tek ansvar og mobiliserer òg på damesida!!! KissKlarer bygda å stille med to lag, må resten av oss andre jøsneskalvar reise "mann av huse" for å heie laga fram . Då blir det LIV !!!

FaceBook

Værmeldingane trua med både vind, regn og tordenvær, men folk stilde likevel "mannsterkt" opp - og faktisk var me nok heldigare enn dei fleste: for det blei både opphaldsvær, grei temperatur og verken lyn eller tordenWink. Det var veldig bra frammøte, masse barn, vaksne og eldre -  og ekstra kjekt at det var så mange feriegjester/hyttefolk som møtte opp.

 

FaceBook



Tradisjonen tru inviterte Jøsneset Skule - saman med kulturskulen - inn til sommaravslutning i gymsalen på Jøsneset. Elevar i kulturskulen framførte mykje flott musikk både på piano, fiolin, gitar, song, fløyte og ikkje minst slagverkWink. Igjen får me stadfesta at talenta gror på Jøsneset: mange flinke musikalske elevar som ser ut til å stortrivast på scenen framfor ei stor forsamlingSmile

FaceBook

Elevane på Rygjabø VS har mediatekke, for nå er de jammen på lufta igjen! Sist veke var dei på fasjonabelt møte med Kofi Annan. Denne veka presenterer dei ein verdenssensasjon !!  Gjennom eit elevprosjekt har dei klart å befrukte ei breiflabb-ho ; noko som er forsknings-og næringsmessig VELDIG spanande. Og Jøsnesgutane Jonas og Sondre er med på prosjektetWink. Klikk på bildet av Jonas Hjorteland Gbada (16) NRK ovanfor, så får du sjå innslaget i NRK - nyhetene og høyre kva han syns om dette (innslaget begynner etter 9 min, 18.49).
Les òg meir om sensasjonen på NRK-Rogaland.  Ein halv million breiflabbegg ligg nå til "god-gjering" og me er jammen spente: klarer de å klekke de ut ??  Følg med, følg med !!

FaceBook

Jøsnesguten Sondre Fosså (17) var ein av svært få sikkerheitsklarerte personar som fekk møte og prate med Kofi Annan når han var innom Stavanger på Aqua Vision-konferansen i dag, 12 juni. 

"Det var ein grei kar" i følge SondreWink

Sondre blei intervjua av NRK om treffet. Klikk på bildet så får du høyre Sondre fortelje om deira forskningsprosekt "Feeding the future" og kvifor nettopp han fekk den æra å treffe den verdskjende fredsmeklaren.

FaceBook


Sist søndag var det sekundstrid for Jøsnesbu i sykkelrittet, og då enda det med knepen 2.plass. Denne søndagen var det nok ein Jøsnesbu som var i sekundstrid, og denne gongen enda det med seierSmile. Jasin Hjorteland Gbada, 13 år sprang inn til seier i juniorklassen (12-17) i Viglesdal-løpet med tida 1.27.10 - berre eit sekund foran Tobias Topp Sandvik frå Fister. Foto: Jasin til venstre, Tobias i midten og Svein Hjørungdal på 3.plass .

FaceBook

Tirsdag 5 juni blei nettsida angripen av hackerar eit par gonger, og difor blei me "sett ut av spel". Nettsida framstod i mindre periodar desverre som noko heilt anna enn den gode gamle sida vår. Og difor har me ikkje kunne legge ut stoff dei siste par dagane.  Det var 150-200 andre nettstader i Norge som blei hacka på same måte samtidig, og ein god del av desse har serverplass på same plass som oss.  Heldigvis fekk me god hjelp frå Norsk Plan som har designa nettsida vår (og som me har ein oppgraderingsavtale med), og dei fiksa alt for oss utover dagen og kvelden tirsdag.  Me har nå fått gjenoppretta sida, så nå skal me vere på nett igjen, og håpar sikkerheitssystema fangar opp/hindrar slike ubehagelege hendingar i framtidaWink.

FaceBook

2 knepne, minimale, bittesmå sekund bak vinnaren i Marine Harvest Rittet trødde Ingeborg Westersjø, JØSNESET SYKKELKLUBB, inn til ein flott  2.plass i Marine Harvest Rittet på Hjelmeland  i dag søndag. Dette står å lese i STRANDBUEN. Gratla.  Ryktet fortel elles at det var eit par Jøsnes-karar òg med i rittet (?), men dei står det ingenting om der.  Kan tyde på at dei var littegrann lengre nede på resultatlistene då.  Me tipper at resultatlistene blir lagt ut på IDRETTSLAGET SI HEIMESIDE ila kvelden. 

Men JØSNESET SYKKELKLUBB, folkens !!! Kva me har av "konstellasjonar" i denne bygdaLaughingBravo!

FaceBook


Plutselig kom sommaren over oss...og vips plutselig var graset slått og ballane i "boks" eller rettare sagt i ballWink....her frå Nesvik.    Ballinga er jo eit kjærkome sommartegn !!

FaceBook

Fritidsklubben i Jøsenfjorden inviterar til fellestur til Ramsfjell sønd 3 juni. Oppmøte kl 11 nede ved Fylkesvegen (like utanfor Sildafjordtunellen).

FaceBook

På SKIFTUN FISKEMOTTAK kan du få kjøpt fersk fisk. Fisken kan bestillast på tlf 480 03 930 eller epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. ila tirsdagar, så kan den hentast på Fiskemottaket på Skiftunkaien dagen etter, onsdagar.

Mottaket melder at det er vanskeleg å halde fast opningstider slik tidlegare annonsert mellom anna pga stengt veg i Erfjord, men denne bestillingsordninga gjer det enkelt for folk som vil skaffe seg fersk fisk. Fiskemottaket driv elles fiskebutikk på Sand som er open tysdagar og torsdagar.

FaceBook

Tradisjonen tru blei det arrangert Jonsokfeiring i Skiftustranda. Været er ikkje heilt på vår side for tida....(kor e solå?), og litt kald vind og småregn i lufta gjorde kanskje sitt til at det ikkje var deltakarrekord i år. Men koseleg blei det likevel !!

 

FaceBook

Helga 24. til 26.  juni er det Landa-festival i den foristoriske landsbyen på Forsand. I tillegg til spennande aktiviteter for store og små, kan du oppeva Landa-spelet der Tania Yu Auglend frå Jøsneset spelar ei av rollene. Tania har også fått med seg mor Anne Auglend til å prøva seg som skodespelar!

Du kan lesa meir om Landa-spelet, festivalen og landsbyen her

FaceBook

Ida og Elise på Bøen vil gjerne ha tips dersom nokre har sett dei fine moskus-endene deira, Hetty, Letty og Biceps

.

 Dei forsvann etter si første natt under åpen himmel, og spor på åstaden tyder på at Mikkel er innblanda. Jentene har likevel håp om at ein eller fleire av dei fjørkledde venene deira har unnsluppe mordaren. "Eg vil sjå den reven utstoppa", er Elise sin kommentar til saka.

Tips som fører til at saka blir oppklart blir beløna rikeleg!

FaceBook


Jøsneset skule hadde tradisjonen tru sommaravslutning i gymsalen saman med Kulturskulen onsdagkveld. Elevane hadde sett samen et fullpakka 1-times variert program; med piano-, gitar,- fiolin og fløytespel, dans, diktopplesing, rytmeorkester......og ikkje minst fleire fyldige power-point-presentasjonar om Arne GarborgWink. Men det mest populære innslaget var nok den litt spesielle ArneGarborg-rappenLaughing. Flott å få presentert Garborg i eit moderne formspråk. Mange flotte, flinke elevar som fortener ei stor takk!

Rektor Rasin nytta høvet til å takke elevflokken, og ikkje minst "ta farvel" med dei seks 7.klassingane som nå er klare for Ungdomskulen. Han sa dei kom til å bli saknelege i skulemiljøet på Jøsneset skule, ikkje minst fordi det ikkje er nokon som byrjar i 1.klasse i år. Til neste år blir det 19 elevar på Jøsneset skule (mot 25 dette året - noko som ifl Rasin var det høgaste elevtalet på 30 år).

FaceBook


Ein lesar har sendt inn tips om at det foregår ein konkurranse som heiter "Norges vakreste sted", sjekk HER. Han har gått gjennom lista over nominerte uten å finne Jøsneset på den. Kan me gjere noko med det? Me syns jo det er finaste stad på jordWink, må bare klare å overbevise andre òg om detLaughing. Vår lesar skriv vidare:

Om dere har et bra bilde av Jøsneset, er det bare å nominere, å sanke stemmer via josneset.no og Facebook.

Skal me ta oppmodinga folkens?? Send oss ditt foto frå vakre Jøsneset Kiss Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.




FaceBook



Lise Tjeltveit
til høgre blei "Hardhausen2011": dvs ho gjekk alle dei 4 høgaste toppane på Jøsneset og traff akkurat den hemmelege idealtida på 6 timar 6 minutt. Det gjorde òg Vidar Råheim og Jostein Hjorteland, men Lise vant tittelen i loddtrekking. Ho vant då ein flott kniv laga av knivmakaren på Jøsneset: Daniel Hjorteland.

Paula Johannesen til venstre tok turen om alle dei 3 høgaste toppane og vant i klassen "3-nuts-tur". Den hemmelege idealtida var der 5 timar og 31 minutt, og Paula gjekk nærast på 5,32. Ho fekk òg ein flott kniv laga av same knivmakar Daniel Hjorteland.

Ingen av dei spreke damene er busette på Jøsneset, men begge har familie her og er ofte å sjå blandt oss her i bygda. Me gratulerar for flott innsats.

FaceBook

Tidenens 3. Hardhaus/3nutstur er avvikla i flott, stille turvær.
74 påmeldte deltakarar, derav 41 førstegongsdeltakararWink, trava opp på dei høgaste nutane på Jøsneset.
Ta ein kikk på værmeldinga ute i venstremenyen for dei fem neste dagane.....joda! Me var maks heldige med været i år òg.


Her sit sekreteriatet klar med klokka og tidtaking......kven har kome nærast den hemmelege idealtida??  Namn på vinnarane blir  å finne her på nettsida når sekreteriatet er kome seg vel heim frå heia, så følg med her.

FaceBook

Nye gode resultat til Jøsnesbuar på lokale idrettsarrrangement:

Me gratulerar Ingeborg Westersjø med seier i dameklassen og ny løyperekord på det 42 km lange sykkelrittet t/r Hjelmeland-TøtlandsvikKissKiss

Husbonden Sven deltok òg, men desverre så punkterte han akkurat idet han kom på høgda ved Hetlandsvatnet, så han måtte bryte løpet.

Men flott at Ingeborg drog seieren heim til Foss !!

Så ønskjer me dei lykke til med Nordsjørittet neste helg.........ta med ekstradekk, SvenWink

Resultatlista finn du HER.

PS: godt resultat til ein utflytta jøsnesbu òg: Astrid Fossa Viga sykla inn til 4.plass-

FaceBook

Bente Tednes Gjil og Jarle Tednes er begge utflytta Jøsnesbuar: Men ein gong Jøsnesbu, alltid Jøsnesbu, tenkjer me. Så dei gode resultata deira frå Fisterløpet på Kristi Himmelfartsdag fortener sin plass på Jøsnessiå vårKiss

Bente sprang inn til ein klar seier i det 4,5 km lange løpet i dameklassen. I år stilde det uvanleg mange damer til start i dameklassen, og Bente låg blandt dei tre beste heile tida. I siste runde drog ho til og sprang frå dei to andre damene og spurta suverent i mål som nummer 1.

Jarle låg òg blandt dei 3-4 beste heile det lange 7,5 km lange løpet: han hadde nok noko hardare motstand mot tre drevne veteranar i front. Det såg lenge ut til at han kunne bli nummer 2 eller 3, men veteranane hadde mest trøkk på lur på slutten. Så ein fjerdeplass var supert.

Gratulerar til begge !

FaceBook

Laurdagsnatta var det fullmåne, midtsommar, skyfri himmel og utan eit vindpust.

........ei natt som skapt for vandring; her nesten ved Gunlaknaggen mot natthimmel i nord ca ved midnatt.

FaceBook


 
Det er ikkje berre i Stavanger det skjer:

Bli med på VOLLEYBALLTURNERINGA SKIFTUNDALEN OPEN lordag 17.JULI.
Les plakaten HER.

FaceBook


Om det er regn eller blest, sol eller varme.....tradisjonen med å feire Jonsok-afta blir halden fint i hevd på Jøsneset. I år hadde me ein fantastisk sommarkveld Kiss

FaceBook

Det er mulig det nærmar seg agurktid i avisene......men på Jøsneset er definitivt MAKRELLTID !!

FaceBook

 

Denne veka deltar fleire Jøsnesbarn på idrettskule - og har det veldig gøy.

.....her på vannsklia !!

FaceBook

Berit har vore i Oslo Berit Torgersen Skiftun. Foto: Sven Westersjø

 

FaceBook

Helga 2-3-4 juli blir det HJELMELANDSMESTERSKAP I FOTBALL !!
Det jobbast for å få til eit Jøsneslag/Jøsenfjordlag !! Er du klar for høge, skrudde taklingar og lange løpeballar.......

...
FaceBook


Kulturskulen og Jøsneset Skule inviterte bygda på avslutningskveld på skulen onsdag kveld.
Og elevane stilte med eit tettpakka og over ein times langt program......

...
FaceBook

Denne veka reiser Berit Torgersen Skiftun til Oslo, som Jøsneset Helselags delegat på Landsmøtet i Nasjonalforeningen for folkehelse.

                                                     Berit skal til Oslo!

 

Berit er kampvillig og har førebudd eit innlegg på Landsmøtet. Dette er på bakgrunn av at handlingsprogrammet for dei neste fire åra skal vedtas på Landsmøtet. Dette har Jøsneset helselag tidlegare sent høyringsuttale til. Vi er enige i at talet på satsingsområder skal reduserast frå dagens 5 områder. Vi er derimot ikkje enige i at temaet Barn, familie og nærmiljø som satsingsområde skal vekk frå handlingsprogrammet. Det som er foreslått som to hovudsatsingsområde framover er Hjerte- og karsykdom og Demens. Vårt synspunkt på dette er at det vil bli vanskeleg å få unge folk med i styrer og som medlemmer av NFF pga at desse temaene ikkje fenger dei yngre. Sjølv om mykje av det vi gjer i dag, bl.a. trim for barn og unge kan komme inn under forebygging av hjerte- og karsjukdommar, så blir det ikkje så synleg utad. Vi har ikkje nådd fram med høyringsuttalen og med våre kommentarar på fylkessårsmøtet i fjor. Dirfor vil Berit appellera til Landmøtet om å tenkje over dette enda ein gong.

 

Berit har for høvet fått laga ei t-skjort med bilde av styret i 2010, slik at ho har alle med seg til Landsmøtet Laughing

 

Forhåpentligvis blir det også ei oppleving å delta på Landsmøtet, det er lova ei flott ramme rundt. GOD TUR BERIT OG LYKKE TIL MED INNLEGGET! Hilsen styret i Jøsneset helselag.

FaceBook

Skuleelevane har ei travel siste-veke før skuleslutt:

FaceBook

Jøsneset Skule og Kulturskulen innbyr til sommaravslutning
på Jøsneset skule onsdag 16.06. kl 18.00.

FaceBook


Alle elevane på Jøsneset skule var sist veke på besøk både på Årdal Omsorgsenter og på Hjelmeland Omsorgsenter for å synge, spele og lese dikt til dei eldre!!

FaceBook

Cesilie Wåland sendte oss desse to flotte bryllupsbildene :
images/JUL/Bilder/bryll.jpg   images/JUL/Bilder/bryllup.jpgWenche Wenche Wåland gifta seg med Svein Egil Korsbø fred 26.juni.

Hjartelegaste gratulasjonar !

FaceBook

Den 26.06.09 hadde styret i Jøsneset helselag besøk frå Randi Kiil, informasjonssjef i Nasjonalforeningen for folkehelsen. Ho kom frå Oslo, saman med sambuaren som for anledningen var fotograf. Randi tok kontakt i vår for å høyre om ho kunne få lage ein sak om Jøsneset helselag til medlemsbladet "Aktuelt" som blir sendt ut til alle medlemmer av Nasjonalforeningen for folkehelsen 4 gonger i året. Ho hadde høyrt om oss heilt bort til Oslo... Sjølvsagt sa vi ja til det. Vi gjekk tur frå Foss til Håvehammar og vidare til Åsland. Varmen gjorde at vi valde ei kortare løype enn vi hadde tenkt. Vi syns det var viktig å få vise turstiprosjektet, som er noko av det viktigaste helselaget held på med. Det vart eit koseleg besøk, og dei 4 som stilte frå styret fekk samtidig ein sosial fredagskveld.

Alle medlemmer må derfor følge med i bladet som kjem i postkassa i august/september, for då skal det vere ein artikkel om Jøsneset. Vi tenker det er bra med profilering av bygda vår og alt det positive som skjer der.  

FaceBook

Frist for innsending er nå ute!
Juryen er i tenkeboksen.....

 images/JUL/konk22s.jpg
FOTOKONKURRANSEN

"MIN JØSNES-SOMMAR 2009"

FaceBook

Me minner om den store konkurranse-dagen søndag 9. aug 09 - då blir det 3-nutstur og Hardhausen.

Her er det om å gjere å gå dei tre nutane Gunlanuten - Røssenibben og Valafjellet på den tida som er nærmast den hemmelege idealtida. Viss du òg vil ha tittelen HARDHAUS må du òg oppom den 4. nuten: Norda Høgaste - framleis nærast mogleg idealtida.

Dette blir litt av ein tur - så legg deg i trening!!  

Nytt dei nydelege sommardagane til å gå deg ein tur: lang eller kort - alt hjelper for å nå formtoppen :-)

Det er eit velutvikla turstinett på Jøsneset - det finn du i venstremenyen under TURSTIAR. Dei merka stiane er ein god stimulans for å kome deg ut på tur i kjempeflott terreng. Og om du vil, så kan du øve deg heile sommaren på dei 3-4 nutane!  Du får deg uansett ein god tur-----og sikkert blir du i superform ! (men om du kjem nærare idealtida av den grunn - tja? - se det er det ingen som veit).

God tur.

FaceBook

Denne sommaren er det ein finfin kunstutstilling i Spinneriet på Hjelmeland. Over 20 kunstnerar frå 10 ulike land er komne til Hjelmeland med nokre av sine kunstverk; ulike stilartar. Opningsdagen er laurd 27.juni - og utstillingen varer heilt fram til 16. august. Sjå her

Hjerteseksjonen i Nasjonalforeningen for folkehelsen - Oslo, har kontakta Rogaland fylkesstyre om å være ett av få fylker som får delta i et prosjekt som heter "Hjertelinjen på turne". Dette er et gratis tilbud til publikum om å få måle sin risiko for hjerte. og kar sjukdom. Dette gjøres ved kontroll av vekt, kombinert med blodprøver der bl.a kolestrolnivå og blodsukker måles. Livsstilsråd og henvisning til fastlege for videre oppfølging gis til de som trenger det. Alle som deltar blir fulgt opp att etter 6 mnd. Det er spesialsykepleiere som reiser ut. Det er ønskelig at de som skal delta møter fastende (kun vann siste 12 timer) for best resultat.

Helselaga på Jøsneset, Ombo og Hjelmeland jobber nå sammen for å kunne ta i mot "Hjertelinjen på turne" på Hjelmeland. For å nå flest mulig jobbes det nå med å få til stand på Frukt- og laksefestivalen den 5. september. Sjå sida til frukt og laks her.  

Følg med på annonsering og meir informasjon om dette.

Jøsneset helselag

 

FaceBook

Har nå merka ny løype opp til Valafjellet - løypa tek av ved Grønaliknaggen. Friska samstundes opp den gamle løypa som tek av løypa til Gundlanuten nokre hundre meter nedanfor Gundlatjødnå. Ny løype og gamal løype møtest i kryss på Valafjedle kor det er sett opp to skilt (Gundlanuten og Fosstemmen). Her er og sett opp postkasse med turbok oppi. Takk til Oddvar for jobben!

Nå er det altså mulig å gå på enda ein topp i heia på Jøsnes-halvøya. Toppen Valafjellet ligg i same området som Gunlanuten og Røssenibben. Topp-turen som arrangeres 9. august (sjå eiga sak om 3-nutstur til høgre under "Kalender" i menyen) går til desse tre toppane, samt Norda Høgaste på Herefjellet for dei verkeleg spreke. Norda Høgaste manglar litt maling på toppen, det skal malast opp att før topp-turen.  

Sjå elles informasjon om turstiane våre i menyen til venstre: klikkar du på "Turstiar" får du opp kart og beskriving av turane, klikkar du på "Turinformasjon" får du opp alle turbøkene vi har lagt ut samt informasjon om årets konkurranse.

FaceBook

Jonsokafta er ikkje alltid blitt feira i Skiftustranda.
I den gamle VONA (Ungdomslaget si lags-bok) står det fleire stader om Jonsok-feiring på Håvehammar.

Her kjem ein stubbe frå 1929:

JONSOK

Brakje vart hoggen og dregen på plass
det var visst nær på et hestelass
At veden var turr eg hermed sannar
for bålet skulde brenna bjart - på Hovehammar.

Jonsokafta me ferda oss til
me flaska og kveiksle og åtte kje tvil
um at bålet vart betre enn alle grannar
og at alle såg veten på Hovehammar

På vegen gjekk folk på hovedstupp
og freistar og kavar og vinn ikkje upp
Og skrålar og syng og steikjer og bannar
so det lyser som bålet - på Hovehammar

Andre gjeng seg so godt som vildt
i myr og brakje det er kje gildt
Men som dei gjeng dei bråleg stannar
og gjeng etter bålet - på Hovehammar

I brakjen den tassar og syng og tislar
Ei gjenta høyrer ein unnertid knislar
Men sume sit og sluker drammar
som vermer som bålet - på Hovehammar

På knatten går dansen fint over tilje
der alle freisar med all sin vilje
å døyva dei heite elskhugsbrannar
som gløder som bålet - på Hovehammar

Dansen stilna og knipi tok på
snart so vilde alle gå
Det er som Henrik sjølv berammar
at alle skal gå - frå Hovehammar

Nedetter gjekk det med song og skrål
som det sig sømer ved Josokbål
Asheimen Jøsnesungdom forbannar
og heile bålet - på Hovehammar

Ved ytredøri dei segjer godnatt
dei karar som fylgde sin kjære skatt
Slokna i natti er elskhugens flammar
slokna som bålet - på Hovehammar

Op heimvegen gjekk det i sikk og sakk
dei segjer for laget so tusend takk
Og til ein anna ein "gomåren" stammar
og spreides som oska - på Hovehammar.

Otto Hiim

images/JUL/Bilder/have1.jpg

Jonsokbålet frå Håvehammar må ha vist langande lei - for her er vidt og flott utsyn !

 

FaceBook

images/JUL/avsl.jpg

Onsdags-kveld den 17.06 var det ein kjekk avslutningskveld for skuleåret 08/09, og bygdefolket var invitert.

FaceBook

images/JUL/Bilder/gauk1s.jpg

Stien mellom Gaukjen på Herefjellet og Fossmarka er nå skilta og merka.

FaceBook

Nå kan du følgje med på Jøsnesværet kontinurlig - via nettet her !
images/JUL/Bilder/ver.jpg

FaceBook

images/JUL/Bilder/have2.jpg
Kommunen fornyar sine turstikart - og her er Håvehammar aktuell.

FaceBook

Scenetilbygget til Jøsneset skule er ute på anbod.  Innan fristen er det ingen bygg- eller gravefirma som har meldt seg som interessert i å bygge. Dette betyr at det kan bli vanskeleg å få realisert utbygginga i år.  Anbodet har vore annonsert i Bygdaposten. Teknisk seksjon i kommunen melder at dei nå sannsynlegvis må sende ut brev direkte til aktuelle firma . Skulle du vite om aktuelle firma, så tips om ledig oppdrag !!

FaceBook

Måndag 23 juni kl. 19.00 blir det felles St.Hans feiring i Skiftunstranda. Så ta med grillmat, stol og varme klær og kom. Vi set opp partytelt i tilfelle det blir regn. For barna blir det krabbekonkurranse (størst og minst) med premiering, og så blir det tautrekking, for alle! Wink

Vel møtt!

Bygdarådet/helselaget/ungdomslaget 

Hjelmeland kommune har nå anbudsdokumenta klare for scenetilbygget til Jøsneset Skule.

Tilbygget er på 76 m2 og bygginga omfattar både grunnarbeid med sprenging, tømmer og elektroarbeid. Så kjenner du til firma som dette kan vere aktuelt for - så tips dei om dette !!!
Anbudsdokumenta kan dei få ved å vende seg til teknisk leiar Jorolv Rivedal 51 75 70 51 eller kundesenteret i kommunen 51 75 70 00. Frist 20. juni - så heng i !

FaceBook

Det er for tida ein spanande arkitektkonkurranse på gang på Jøsneshalvøya.  Nærare bestemt på Bassbergneset. Konkurransen er ein del av Nasjonal Turistveg si satsing på RV13, og her skal det bli ein fin raste- og utsiktsplass.
images/JUL/basberg.jpg

Bassbergneset ligg på eigedommen til Ellen Louise og Trygve Brandal, like utanfor Bassbergvika. Når du står ute på dette neset, så ser du heile fjorden; frå ende til annan. Dessutan er det flott utsikt mot det flotte Skomakarnibbe-massivet tvers over fjorden.

Dette er utgangspunktet for at Nasjonal Turistveg satsar på eit flott utsiktspunkt her. Av 100 prekvalifiserte arkitektfirma, er det nå sila ut 5 arkitektfirma som kvar skal lage sine forslag til utforming av denne raste- og utsiktsplassen. Her skal det bli bord og benker, og moglegheit til å oppleva fjordlandskapet på nært hald.

RV13 strekninga frå Oanes til Røldal er ein av fleire Nasjonal Turistveg-strekningar, som samla skal marknadsførast som turistattraksjon i Noreg. Langs desse strekka skal ein mellom anna satse på ny og spanande arkitektur på utpeika plasser.

For Bassbergneset er det sett av 3 mill til opparbeiding. Arkitektane skal ha sine forslag klar 23.juni. Jurybedømminga er 10 juli. Anlegget skal vere ferdigstilla i juni 2011.

Utsikt mot Skomakarnibbå - foto Grete Kongshaug             Her er det planar om flott utsikt-og rasteplass

FaceBook

Søndag 01 juni var det fellestur til Fosstemmen arrangert av Helselaget. Det var 15 stk med stort og smått som gjekk turen, (pluss ein hund..). Været var nydelig, det var nærmere 30 grader denne dagen, men vi gikk mye i skyggen inni skogen og starta kl. 10, slik at det ikkje blei for varmt å gå. Det var ein lærerik natursti på veg opp med lokale og ikkje fullt så lokale spørsmål (Hotell Cæsar - fjes...f.eks). Vel oppe blei det fyrt opp i grillen, mens ungene og eit par voksne bada. Sven meinte det måtte være 25 grader i vatnet... Den er ikkje etterprøvd altså! Gapahuken ga god skygge, og vi koste oss med kake og kaffi. 

   Grilling ved Gapahuken

Bading i Fosstemmen

FaceBook
Facebook