1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Valnemda til Bygdarådet/Bedehusstyret har ei utfordring til alle Jøsnesbuar:

Kan du tenke seg å stille som kandidat til leiarvervet i Bedehusstyret? 

Ta kontakt med Hanne Tjeltveit i valnemda dersom du har spørsmål eller ønsker å bidra som leiar (mobil 47 66 85 01).

 

FaceBook

 

INNKALLING MED SAKSLISTE

ÅRSMELDING 2020

 SAME KVELD OG SAME STAD BLIR DET ÒG ÅRSMØTE I UNGDOMSLAGET OG BEDEHUSET

HER ER INNKALLING OG SAKLISTE ÅRSMØTE JØSNESET BEDEHUS

 

PÅMELDING TIL ÅRSMØTA: Hanne C .Tjeltveit mob.nr. 47668501

 

FaceBook

 
Pga usikker koronasituasjon framover har styret i Jøsneset Helselag kome fram til at ein ikkje vil legge opp til fysisk årsmøte i år heller. Me gjer difor som i fjor: avheld "skriftleg årsmøte". Det skjer på den måten at alle medlemmer i Jøsneset Helselag får utsendt årsmøtepapirene 14 dagar før årsmøtet. Då vil alle få tid til å respondere på saken før sjølve årsmøtet. Info framgår av utsendinga.  Dersom nokon har saker de ønskjer å fremje for årsmøtet, meld dette inn til sekretær Marit Wyller innan 5.mars 2021, Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.r.no  Sjølve årsmøtet blir avhalde torsdag 25.mars.

Trekning i turbøkene vil bli foretatt på årsmøtet, og vinnarane kontakta. Det har vore veldig godt besøk på dei 10 turpostane i år; ca 5600 besøk ! Det er ein auke på over 1200 frå i fjor

FaceBook

Det var ein frisk gjeng som tok turen opp dei mørke, bratte bakkane frå Åsland til Tausanibbå, Herefjellet 500 moh tysdag kveld denne veka !! Sprekingane lot seg ikkje skremme av mørke og regntunge skyer.  11 stk stilde opp i gode klær og med hodelykter, og praten oppover den bratte, ulendte stien gjekk lystig. Det var fullmåne denne kvelden, så håpet var ei himmelsk  show med måne og stjerner i hovudrollen. Men neida, vestlandshimmelen var dekka av gråe skyer, så både måne-og stjerneskinn uteblei. Likevel var utsikten utover fjord og øyar mektig og alle lysa frå nabobygdene var godt synlege. Og varme nybakte solboller kompenserte for fråværande fullmånewink

FaceBook
Bygdarådet har mottatt melding frå MOWI om arbeid som skal utførast på opprettsanlegget utanfor Fosså:
 
"Vi planlegger behandling av fisken i anlegget på Fosså uke 7. For å bli ferdig så fort som mulig planlegger vi oppstart Mandag 11/2-19 ca kl 12.00, og 
behandler kontinuerlig til vi er ferdige. Dersom alt går etter planen vi vi være ferdig på ettermiddag / kveld tirsdag 12/2-19.
Håper vi  ikke skal være til for mye sjenanse for dere i denne perioden.
  
Med vennlig hilsen
Reidar Mathiesen
Fosså / Kjeahola
Region Sør
MOWI
MO "
FaceBook


Årsmøtet startar kl 19.00 i Trivselstova. Velkommen til alle - her er PLAKATEN

FaceBook

Med besøk av ordførar Bjørn Laugaland - sjå heile plakaten her

FaceBook

Med besøk av ordførar Bjørn Laugaland - sjå heile plakaten her

FaceBook

Obs: I perioden fredag 26.feb til tysd 01.mars er det RESERVERUTER på Tau-Stavangersambandet.  Meir info NORLED 

FaceBook

Her finn du innkalling og sakliste og årsmelding2015. Velkommen på møtet !

FaceBook
FaceBook

DAMEKVELD

Onsdag 27/01/16 kl 19:30 i Trivselstova.

Uformelt treff for alle i alle aldrar. Ta med naboen og kom på kaffi og drøs.

FaceBook

.be">
.be

Torsdagstrimmen er eit aktivitetstilbod for alle i bygda - store og små - unge og gamle - stive og støle - runde og smale ! Her får du eit ørlite innblikk, og kanskje inspirasjon til å kome smile  Dette er eit gratis lågterskeltilbod, med god oppvarming, sirkel/styrke-øvingar, kondis-intervalløkter - og ikkje minst gode tøye/balanseøvingar på slutten. Det varierar mellom 4-10 deltakarar og det er plass til fleire ! Jøsneset Helselag har handla inn vekter, matter mm og Silje stiller med musikk, program og øvingar. 

FaceBook

Lesesirkelen" rullar og går", bok etter bok blir lest og diskutert i Trivselstova ein gong pr månad. Siste bok ut var intet mindre enn "Markens grøde" av Knut Hamsun - den boka som kom ut i 1917 og som Hamsun fekk Nobelprisen i litteratur for i 1920. Også denne boka skapte god diskusjon i gruppa. Ja, boka fekk så høg score at den kvalifiserer til ny pris: "Trivselstoveprisen 2015" - intet mindre altsåSmile

FaceBook

Etter eit hektisk år går Jøsneset bygdaråd inn for landing med årsmøte tirsdag 18.februar klokka 19:00 i Trivselsstova.

Sakslista bugnar av viktige saker, så me utfordrer deg  til å møte!

FaceBook

                                                                                       

BASAR OG ÅRSMØTE FOR

JØSNESET HELSELAG.

TYSDAG 4.MARS KL 19:00

I GYMSALEN PÅ SKULEN.

 

FaceBook

Me unne oss denne gladmeldinga nok ein gong....mens badinga går sin gang, og me ventar på sommarn...og Hanne!

 

Set av 23.august - det blir ein kanondag med denne flotte dama i spissen !

Arr: Bulystgruppa/kulturkontoret

FaceBook

Det er tid for vinterens eventyr: skikarusell på Gullingen, MEN, snøen manglar framleis: så første renn er utsett ei veke til 10.februar.
Følg med på nettsida til SULDAL IDRETTSLAG

FaceBook

Det blei ein finfin skeisedag på Fosstemmen søndag 2 februar. På  såpass kort varsel som ei lita notis på nettsida kvelden før, var det flott at over 20 stk møtte opp på den blanke, litt våte isen. Mildværet kom med søndagsmorgengryet, og derfor var det våte pyttar på isen - men ingen hindring!

 Har du lyst å sjå koss forholda var og koss lett karane glir over isen ?

  

FaceBook


Med hjelp av desse to små uskarpe øyeblikksbildå  kan dokke nå tippa om dagens baderar og dagens fotograf syns det var kaldt i Kogekjellå i dag?? I dag var det Ingeborg som tok ansvar, og drog til med sleggå og kakka akkurat stort nok hol i isen for at ein og ein badar kunne få vekas dukkert ! 1 grad, kald vind, 3-4 cm tjukk is, 6 stk i ånå i dag, joda, mimikk og kroppsspråk fortel vel litt om tempo og temperaturSurprised...."VEKAS LYKKEPILLE" som badedamene på Jæren kallar slikt: sjå "Damer i fri flyt" og "Godalen badeforening" Smile - we`re not alone!! (berre litt færreTongue Out)

FaceBook

Nettsida fekk følgjande SMS-melding ikveld:  "Skeisedag på Fosstemmen søndag 2.feb. Oppmøte fra kl 13. Vegen er open og folk kan kjøre heilt opp. Benytt sjansen før mildværet kjem"

Brannvesenet presiserar : ikkje gjer opp ild !!

 

FaceBook

FB

Mann fra Latvia, som for tiden arbeider på Jøsneset, ønsker å arve klær til datteren sin fra 1 til 3 år i størrelse. Klærne kan leveres på helselaget sin damekveld siste torsdag i februar; 28.02.13 kl. 20 på Trivselståvå. Eller dei kan leverast til Paula Foss i Knutsvik tlf 97600814.

FaceBook

Er det Helselaget sin nye Turpost-kolleksjon??  Siste skrik for å lokke folk med lakenskrekk ut på tur? Eller muligens siste nytt innen "varme senger" på Fosstemmen ?? Eller kanskje det er Turpost-kassens kamuflasjeutstyr i vinterterrenget.....lei av besøk, kanskje??

Hmmmm  Wink......
Men skulle du sakne eit kvitt stretjs-laken, så er det klar for henting ved Fosstemmen....klar for vask og tørk!Embarassed

Kva blir det neste på turfronten, mon ......krypende ulltepper???

 

FaceBook

Lise Tjeltveit kjem og har eit lite "minikurs" for å lære oss å lage VÅRRULLAR!! sjå plakaten her!

 

Dette var sprektSmile Og veldig kjekt at ho har vinterferie akkurat nå, slik at ho kan være med på damekvelden og lære oss dette. Det blir handla inn nødvendige ingrediensar. Det blir høve til å smaka på godsakene etterpå.

Velkommen til eit spennande vårrull-kurs på denne damekvelden kl. 20.00 på Trivselståvå torsdag 23.02.12 Smile

Helselaget

FaceBook

Pga fare for isras på Tysdalstranda blei RV13 stengd i to dagar.
Det blei sett opp ferje mellom Tau og Hjelmeland.
Vegen blei opna igjen lørdag ettermiddag.

Info i avisene:  Aftenbladet og Strandbuen.

FaceBook

Tirsdag 28. februar blir det årsmøte i Jøsneset bygdaråd. Møtet blir halde i Trivselsstova og startar klokka 19.30.

Det blir vanlege årsmøtesaker, me får besøk frå Hjelmeland Sparebank som har gitt oss pengar til ny oppvaskmaskin OG me skal diskutera framtida til den tradisjonelle juletrefesten.

Det blir sjølvsagt kaffi og noko attåt å få, så møt opp!

Her kan du lesa innkalling og saksliste, samt Bygdarådet si årsmelding.

FaceBook

Den faste volleyballtreninga går ut torsdag
23 feb pga vinterferie, idrettskaderEmbarassed og
vårrull-etingWink

Det betyr det blir dobbel så hard innsats neste torsdag 29 feb. Då blir det full rulle igjen...

...
FaceBook

Både på Jøsneset, Ombo, Randøy låg det trådlause nettet nede nokre timar torsdag denne veka. Dette skuldast med stor sannsynlegheit den store militærbåten som gjekk ute i Ombofjorden denne dagen. IT-ansvarleg i kommunen seier at dei fekk opp radarmelding når dei leita etter feilen, så det er ikkje usannsynleg at båten hadde så sterk radar at dette "lamma" datanettet for dei næraste bygdene rundt fjorden. Og problema forsvann når båten forsvannWink

FaceBook

Trine Danielsen, Ordførar i Hjelmeland (H).

(Foto: Arild Eskeland/NRK)

Tapas står på menyen

 

FaceBook

 Kommunen hadde ikkje arbeidd meir enn eit par dagar før kulda sette inn og sette ein stoppar for gravearbeidet i vegen ned mot Skiftun kai. Med "ein gylden halvmeter" tele i jorda blei arbeidet vanskeleg. Arbeidet er nå sett "på vent" til tela går.

FaceBook

Senterpartiet inviterte til ope debattmøte for folk i bygdene Jøsenfjorden og Jøsneset mandag kveld.  Over 20 stk møtte opp på Fjordahuset i Jøsen-fjorden til debatt om utvikling av bygdene våre, derav 4 frå Jøsneset.

FaceBook

I mai kjem det nye ferjeruter i sambandet Hjelmeland - Nesvik - Ombo.

Bygdaråda i Jøsneset og Jøsenfjorden har gått saman om å skriva ein uttale om saka som du kan lesa her

FaceBook

Senterpartiet innbyr til ope folkemøte for ALLE uansett kva parti du stemmer på eller kor du bur!!
Me på nordsida av fjorden, Jøsenfjorden og Jøsneset, er spesielt invitert, men SP tar òg imot "busslaster frå sørsida"Wink  SP inviterer til open diskusjon om det me måtte ha på hjarta og det me brenn for i bygdene våre...og det kan vel vere så mangt i desse innsparingstider!! Møt opp og lett ditt hjarta og gi innspel direkte til folkevalde politikarar!
Stad/tid: Fjordahuset, Jøsenfjorden, måndag 6.feb kl 19.30

ARR: Hjelmeland Senterparti

FaceBook



Det er anleggsarbeid på gang i Skiftudalen. Det er kommunen som fortset vassutbygginga. Nå skal det gravast ned vassledningar frå skulen, der høgdebassenget ligg) og ned langsmed kommunal veg til Skiftun kai /fiskemottaket. I same trasè blir det  òg gravd ned ein kraftig straumkabel (sjå foto).  I går, tirsdag, blei desverre nettkabelen gravd av; noko som medførte at delar av bygda var utan fasttelefon og internett. Gravearbeidet kan òg medføre stengd veg til tider; som idag onsdag då postbilen/skulebuss måtte kjøre via tunet til Inge Torkel.  Meir info om arbeidet følgjer.

FaceBook

 

Turbøkene på Jøsneset ble til sammen besøkt mer enn 3000 ganger i 2010! Håvehammar er også i år det mest populære turmålet med 948 besøk i bøkene for voksne og barn.

 

FaceBook

FaceBook

..er tittelen på innlegget av Palma Ommundsen på årsmøtet til helselaget den 01.03.11 kl. 19.00.  Som vanleg blir det basar, trekning i turbøker, trekning i toppturkonkurransen og matøkt. Sjå innkallinga her. Årsmeldinga til helselaget kan du lese her.

FaceBook

 


Laurdag 12.02 inviterte Bygdarådet, Helselaget og Ungdomslaget heile bygda på bygdetreff med underhaldning og mat - der innflytterar ila dei fem siste åra var særskild velkomne. KorLøye - eit lite kor som består av damer frå Jøsenfjorden og Jøsneset - fekk starta "showet" med tre songar....og desse damene driv på med dette kun med eitt formål :
ha det løyeWink

FaceBook

Tirsdag 01.02 fekk me besøk av Jan Merland frå Vormedalen, og han lærte 10-15 Jøsnesbuar eitt og anna triks om skismøring

FaceBook
















JUL har booka curlingbanar til sønd 13 mars. Men det er stor rift om banane, så me MÅ ha påmelding innan fredag 25.02!! Kom an folkens - dette blir gøy!

FaceBook

Det nærmar seg påske folkens - og i år blir det igjen REVY og FEST på Påskeafta!!

 Den amerikanske musikaren Gil Silverbird er alt klar for danseglade Jøsnes-kalvar. Han melder at han gledar seg til besøket, og har lyst å gi folk den type musikk me sjølv ønskjer. Han vil òg dra i gong god allsong, og då er det gøy om det er songar som folk liker og kjenner. Han utfordrar oss til å sende inn 10 song-forslag !!

Meld ditt song-ønskje inn til 97 00 76 36 !!

....og ps: sett av påskeafta - dette blir gøy!

FaceBook

Fredag 19.02 hadde Jøsneset Ungdomslag årsmøte - umiddelbart etter Ryfylke Visegruppe-konserten. Me prøver å ha årsmøtet i samband med helger for å gjere det mulig for vekependlane ungdom å møte. Vidare prøver me å kombinere det med eit anna arrangement, for å gi folk to grunnar til å forlate heimen ei lita kveldstund. Denne strategien mislykkast totalt i årEmbarassed - kun tre stk møtte på årsmøtet !

Og som de ser på bildet nedanfor så var det "oldingane" i styret som møtte !!

Heldigvis takla me den store skuffelsen (det dårlege frammøtet) med stoisk ro - det må vere dei gode ungdomsminna og den lange livserfaringa som redda oss gjennom kveldenTongue out. Me gjennomførte årsmøtet med gode diskusjonar og stor slagkraft.Wink Året 2009 har trass alt vore eit spesielt år for laget; sceneutbygginga var vårt bidrag til bygda dette året: eit prosjekt som" kosta" laget ein god del arbeid og totalt over 350 000 kr. Ettersom frammøtet var som det var, tolkar styret det dithen at folk fleste er nøgde med resultatet.

Har du lyst å vite meir om kva me drøfta på årsmøtet? Referatet finn du HER.

NY LEIAR I JØSNESET UNGDOMSLAG ER ANNE HJORTELAND !!
JIPPI - ein skikkeleg UNGDOM !!

 

FaceBook

Det er vinterferie og feriefolket strøymer på. Fantastisk vinterferievær. Kva finn du på ???
Send oss dine bilder av dei "JØSNESKE ATTRAKSJONAR". Som dette nedanfor f.eks:

HJORTESAFARI PÅ SILOLASSET I MOLDSKOFLÅ- ka slår vel den ???

Inge Torkel er stødig sjåfør opp den megabratte skogsvegen. Hjortane er glad i Inge med traktoren, for det er lik MAT. Så her på skoflå er "wip-tribuna". Lene og Lise observerte ein flokk på 8 dyr i dag.

Foto Lise Tjeltveit


Foto Lene Hjorteland

Send oss dine bilder av DIN vinterferie og dei "jøsneske attraksjonar" ......som jo ka vere så MANGT !!
Ingen "attraksjon" er for liten for denne sida :-)
Send inn til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den..

 

FaceBook


Foringsplassen på Skiftuheia har dagleg besøk av vintersvoltne hjortar. Flokkar på 8-12 dyr blir observert. Men de er veldig vare, så trø stilt og hald deg roleg om du vil sjå dei. Her har Ola Skiftun snike seg innpå hjortane og knipsa fleire gode bilder av flokken.

FaceBook



Denne flotte karen er Bobby Bøen - og han har vore sakna frå heimen sin på Bøen sidan 15.02. Mat-morene Ida og Elise saknar han fælt, og er ute på leit etter han. Har du sett an?

 

FaceBook

 

Konserten på Jøsneset fredag kveld var historisk: gruppa er gjenforent etter 20 års "pause" og lagar nå ny CD. Publikummet i salen var dei første til å høyre dei nyskrevne låtane. Dei seks karane leverte musikk på høgt nivå med vakre melodiar i flott samspel.

FaceBook

Jøsnesgutane Thomas Tjeltveit og Trond Brandal er gitaristar i bandet Wannabes, og i UKM-mønstringa på Sand sønd 14.02 gjorde dei det så bra at dei gjekk de vidare til Fylkesmønstringa.

Bandet består av heile 7 Hjelmelandsungdommar - alle i ungdomsskulealder - så her var det viktig med samkjøring. Rockebandet slo til med ein flott versjon av "Boulevard of Broken Dreams" av Green Day.
Vokalist og einaste jente i bandet; Lise Østerhus frå Jøsenfjorden, framførte ei glitrande tolking av låta med si karkateristiske djupe stemme.

Me seier bravo til heile gjengen, og ønsker GOOD LUCK i Fylkesmønstringa i Tysværtunet helga 19-21 mars !!

FaceBook



Den uvanleg vakre vinteren 2010 vil visst ingen ende ta. Dag etter dag med minusgrader, sol, stille og glitrande snø.

FaceBook

Statistikken viser at josneset.no i 2009 hadde 9 477 besøk, med høgste treffprosent i august månad, med nesten 1200 besøk (med 5400 treff). Statistikken viser òg at me på det jamne har ca 30 som dagleg er innom sida. Litt morsomt er det jo å sjå at me òg har "besøk" både frå "det store utland"; nå i februar er det td treff både frå Japan, Europa, USA og Russland.  Mandagskveldar mellom 20-21 ser ut til å vere den "mest populære besøkstimen".

Me har nå fullført oppgraderinga av publiseringsverktøyet, og flytta domena over på ein ny server.
Me er nå klare igjen for "ny innsats" for josneset.no. Hjelp oss i dette arbeidet: TIPS OSS !!! Bruk våre kontaktadresser Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den., Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. og Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.


Husk at dette er sida der INGENTING ER FOR SMÅTTKiss

FaceBook

Kommunestyret har nå vedteke vegnamn for heile kommunen, og desse vil nå bli brukt som adressenamn.

FOR JØSNESET BLEI FØLGJANDE NAMN VEDTEKNE:

Jøsnesvegen (Frå Nesvik til Knutsvik)

Foss (Frå Jøsnesvegen til Foss)

Fosså (Frå Jøsnesvegen til Fosså)

Skiftun (Frå Jøsnesvegen til Skiftun)

Åslandsvegen (Frå Jøsnesvegen til Åsland

Knutsvik (Frå Jøsnesvegen til Knutsvik)

RV13 fekk namnet Ryfylkevegen gjennom heile kommunen: dette vil då gjelde for Bastlid og Eiane.


Desse namna er dermed i tråd med Bygdarådet si uttale.

--
Det vil nå bli arbeidd vidare med adressering (td tildeling av husnummer) og deretter skilting i terrenget. Det er førebels uklart når dette vil skje.

Dette adresseringsarbeidet skjer over heile landet; og er eit samfunnsnyttig prosjekt; først og fremst med tanke på utrykningskjøretøy som brann, sjukebil, politi - eit logisk og lettfatteleg adresseringssystem kan faktisk redde liv! Hyggeleg er det jo òg for alle at det blir lettare å finne fram i ukjende bygdar

Smile

 

FaceBook

Det er ikkje berre småfuglane som slit litt i den kalde vinteren med det uvanleg lange snødekket. Òg hjortane må jobba litt ekstra for den naturlege føda i vinterkulda. Hjortane begynte difor å trekke ned i bygda, og forsynte seg av siloballane.

Men nå har bøndene snudd på flisa! Både for å hjelpe hjortane over vinteren og for å halde de unna siloballane, blir det nå kjørt silo opp i høgda; dvs opp på Skiftuheia og opp skogsvegen frå Foss. Hjortane stimlar glade rundt foringsplassane; og flokkar på 10-12 dyr er observert fleire gonger på begge stader. Dyra er ikkje redde traktorane som fraktar fòret opp, og kjem gjerne litt forvetne bort.

Men går du til fots eller på ski, kan du vere viss på at dei teftar deg; og då er de raske til beins.  Så trø varsamt om du vil opp å sjå på dei Wink. Spor finn du garantert overalt, og òg store moglegheiter for å sjå dei. Ei fin oppleving!

Kanskje du har vore ute å knipsa eit bilde av dei ?
Send inn til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Bildet ovanfor er kun illustrasjonsfoto (www.faaberg-vestfjell.no) , men kunne like gjerne vore her frå bygda.

FaceBook

Bygdarådet har laga ein uttale til forslaget til ny ruteplan i Hjelmeland-Ombo-Nesvik- sambandet. 

Bygdarådet sin uttale finn du HER

FaceBook

Etter å ha vore ein tur i Stavanger og sett folk med barnevogn streve seg fram i 15 cm "potetmjøl", må eg seie at eg er glad for å bu på Jøsneset! Vegane har vore framifrå godt rydda i heile vinter, Leif R. Nesvik har verkeleg stått på i bygda!

Trur jammen han fortjener ein blomst eg..

Jorunn

FaceBook


Illustrasjonsfoto TeamElgTirsdag o2.o2 var første korøving for det nyoppstarta, felleskoret mellom Jøsenfjordbygda og Jøsnesbygda.

 

FaceBook

Styret i helselaget har på styremøte blitt enige om følgande for 2009: Det blir toppturkonkurranse også i 2009! Dei som har gått på Gunlanuten, Røssenibben og Herefjellet (Tausanibbå) kan være med i trekninga neste årsmøte i 2010. Dei må kjøpe ei turdagbok på Naustet for 50 kr og levere den inn til styret innan 01.12.2009.

Helselaget vil prøve å arrangere ein fellestur i juni, sannsynlegvis vil vi då gå alle tre toppane på ein dag. Kan vere verdt å få med seg hvis ein skal vere med i konkurransen og, annonsering av turen vil komme seinare på oppslagstavlene og nettsida.  

Det har jamnleg kome inn ønske til styret om å premiere dei som går mest på ulike turpostar, slik det var før. Så me vil i år prøve å gå tilbake til å premiere den som har gått oftast på turpostane i låglandet. Dvs Brynå, Høgafjell, Nesdalsfjell, Fosstemmen og Håvehammar. Her vil me telle i bøkene og dei treng ikkje levere turdagbok. Me vil kanskje trekke nokon tilfeldige som vinn ekstrapremie her neste år også.

I tillegg vil vi ha barnebok på Håvehammar som i år, med eiga premie etter loddtrekning.  

FaceBook

Fredag 13.02 hadde me besøk av Siranee Viken som driv Siranees Thaimat på Hjelmeland. 17 matglade møtte opp, og kokkelerte samane med Siranee, som gladeleg dele om seg med thailandse mat-tips.

"Milliliter-oppskrifter" finns ikkje i thai-kjøkkenet, ifølge Siranee. Det viktige er å kunne litt om ingrediensene og smakstilsetningane, og så er det berre å hakke i veg, eksperimentere, smake seg fram.....og "chip, chip, chip" ........ ferdig!  Thai-mat er enkelt, sunt og smaker godt. 

Nedanfor finn du ein del av dei tips ho delte raust med oss:

images/JUL/Bilder/thai.jpg

Mest brukte sausar - viktige smaktilsettingar:

- Østerssaus: asias svar på buljong, mange typar
- Kwong Hung Seng Sauce: mørk, tykk, søt, soyasaus
- Fiskesaus: kjempegod smaksforsterkar, salt.
- Bønnesaus: brukes ofte til marinering av kjøtt.

Sausane kjøpes i asiatisk matbutikkar i byen; t.d Nytorget el Kvadrat.
Det same gjeld vårrull-flaka - som forøvrig held seg godt/lenge i frysen. Elles kan det meste kjøpast på Hjelmeland.

 


VÅRRULLAR

Vanlig kjøttdeig marineres natta over i litt østerssaus og litt soyasaus.
Kjøttet skal ikkje steikast. Ha i litt salt og litt sukker. 
Grønnsaker; t.d gulrot, kål, erter stekes litt i olje
Glass-nudler bløtes i kaldt vann og deles opp i småbiter.
Bland alle ingrediensene i ei røre. Legg passe mengde på vårrull-flaka, 
og brett inn slik vist på pakning. Stekes i oljebad (ikkje for varmt) til 
gyldne og sprø.  Legg de på kjøkkenpapir,så olja renn av etterpå.

KYLLINGRETT m/ squash
Kyllingfilet kuttes opp i biter
Stekes med bønnsaus og østerssaus
ca 1 dl vann
1/2-1 ts sukker
1 ss potetmel - til jevning
1 egg (som skiljer seg i sausen)

Squash, gulerøtter og andre grønnsaker hakkes smått, og stekes lett i olje. OBS: de skal vere halv-harde - ikkje i-hel-kokte !
Blandes til slutt oppå kjøttretten.


OKSE i pepparsaus
Oksekjøtt: små stykker, marineres natta over i bønnesaus.
Stekes i litt olje (vanleg matolje)
Peppar
1/2 ts sukker
Litt fiskesaus
Litt (meir) østerssaus
Litt Kwong Hung Seng Sauce
ca1 dl vann + potetmjøl jevning.

Brokkoli, bambus og gulrot hakkes smått og stekes lett i olje. Fordel over retten til slutt.
Tørka Shitake-sopp (kinesisk, tørka sopp): bløtes først i vann og blandes så med grønnsakene.

 Alle rettar serverast sjølvsagt med ris.
Siranee anbefaler Jasmin-ris, som er ein thailands ris med mild og rein smak.

Fleire småtips:

SURSØT SAUS:
Bland samen sukker, tomatpurè (eller hermetiske tomater), soyasaus og eddik  - kok opp - og "chip, chip, chip".... 
så har du sursøt saus. Jevnes med maisenamel eller potetmel.


CHILI/PEANØTT-saus
Peanøtter m/ salt: knuses
Blandes med chilipulver og kokosmelk og kokes opp.
Mmm snadder til grillspyd !

 Ka anna kan me sei:  BON APPETIT !

.......eller forresten......om du ikkje orkar styret på kjøkkenet:

Stikk innom SIRANEES THAIMAT PÅ HJELMELAND - "chip, chip, chip" - fix ferdig !

 

 

FaceBook

Søndag 15.02 var det duka for UKM (Ungdommens Kulturmønstring) i Kulturhuset på Sand. Her deltok 4 Jøsnes-guttar. Ein av dei; Jone Hjorteland gjekk vidare til Fylkes-mønstringa saman med Bands of Brothers.

images/JUL/Bilder/ukm2.jpg  images/JUL/Bilder/ukm1.jpg

Det blei ei kjekk og variert framsyning av 8-9 deltakarar frå Suldal og Hjelmeland; frå klassisk fiolinspel, til flott dans, hard-rock og stand-up-komikk.

Jone sang med stor innleving og energi saman med Hjelmelandsguttar på gitar, bass og trommer. Dei framførte to hardrock- låtar (den eine var vel Iron Maiden), og det gjorde dei så bra at dei kom vidare til fylkesmønstringa som skal vere i Tysvær!!
Me gratulerar Jone og gjengen, og ønsker lykke til vidare.

Sondre Fosså , Thomas Tjeltveit  og Jonas Hjorteland Gbada utgjore den sjølvinstruerte stand-up-trioen BANANA BODDES; inrodusert som "tre pikksnodige karar få verdens navle; nærmare bestemt Jøsneset". 

Dette var eit 100 % Jøsnesprodukt. Sondre og Thomas hadde hovudrollane i den blomstrete sofaen og framførte smekker danseinstruksjon i spa-tøfler og FK-kjeledress, medan Jonas var manna-karen (nynorsk for manageren) som kutta banan med motorsag og jekka Sondre og Thomas inn og ut. Guttane strålte dei breiaste banan-flira etterpå - med god grunn fornøyd med kvelden !

Flott innsats - me håpar å sjå masse meir både til Jone og komi-banan-karane framover  !!

FaceBook

Frå og med mars 2009 blir det ein ny ordning i Norsk Tipping som medfører den som tippar kan velge å i gi 5 % av tippesummen til ein lokalt lag .

Denne ordninga er kalla GRASROTANDELEN. Det inneber at den som tippar får opp valet om ein ønskjer å støtte eit lokalt lag med inntil 5 % av tippesummen. Dette går ikkje på bekostning av innsatsen eller premien - men går uansett til frivillig arbeid. Nå kan ein altså velgje kva lag ein ønskjer å støtte !

Vilkåret for at ein skal kunne velgje eit bestemt frivillig lag, er at laget er registrert i Frivilighetsregisteret i Brønnøysund.

Me i Jøsneset Ungdomslag har nå dette på plass, og er kvalifisert mottakar av Grasrotandelen for 2009.

Frå og med mars kan du altså velgje at 5 % av tippesummen går til oss Smile - og du sjølv taper ingenting på å vere givar!

Utbetalinga til laget vil skje 3 gonger i året,  og du som tippar kan etterkvart følgje med på kor mykje som går til kvar enkelt lag.

Les meir om GRASROTANDELEN på Norsk tipping si side her.

For deg som tippar, er dette enkelt.
Du kan finne oss via tippedisken hos kommisjonæren, på Internett, på mobilen og på spillterminalane (etter 1.mars)
Meir om korleis du praktisk går fram her.

Har du meir spørsmål, så svarer Norsk Tipping her.

Lurer du på kva andre lag som er registrert i Frivillighetsregisteret? Det finn du her

Då er det berre håpe på god vinnarlykke for alle tipparar......og for klingande mynt i kassen for lokale lag !

Styret
Jøsneset Ungdomslag.

FaceBook

images/JUL/Bilder/kunst1.jpg

Jøsneset barnehage har kunst som tema denne vinteren, og nå er det finfin kunstutstilling i salongane på ferja.

FaceBook

Ungdomslaget sende sist veke ut eit infoskriv i alle postkassar på Jøsneset; som m.a. omhandlar finansiering av scenen og sceneutstyret, og kva me ser for oss at me treng for å få scenen klar til bruk.

Infoskrivet finn du her.

Som det går fram av infoskrivet ønskjer Jøsneset Ungdomslag  å bidra med meir midler til dette tiltaket. Dette blir tema på årsmøtet 13.02. Me vil òg søkje tilskot til prosjektet. Arbeidsgrupppa for sceneutstyr er alt i sving med å innhente pristilbod mm.

Dersom DU har lyst og ønskje om å bidra til dette prosjektet:
så kan du t.d. bli "med-eigar" i sceneteppet Smile

Eventuell penge-gåve i form av valfri sum kan i såfall overførast til :

Ungdomslaget sin konto nr. 3353 22 24646

merk fakturaen "scene-teppe", så går bidraget til dette øyremerka tiltaket.

Takk.Laughing

 

 

FaceBook
Hjelmeland Bygg var på plass første veka i februar,
og nå er scenetilbygget i ferd med å reise seg.

images/JUL/Bilder/scene3.jpg

Ser ikkje ut som kulde og slaps i februar stansar karane frå Hjelmeland Bygg. Dei snekrar i veg og er blide for det - og nå kan ein alt sjå konturene av korleis bygget kjem til å bli. Scenen blir altså bygd på austre langvegg av gymsalen , og tlbygget inneheld òg ein stor lagerdel. Sjølve scenegolvet blir ca 30 m2, og det blir to små påkledningsrom bak scenen.

Så langt har både grunn- og snekkerarbeid gått heilt etter planen, og rektor melder at arbeidarane har tilpassa seg skule-og barnehageaktivitetane på ein god og tilfredsstillande måte.

images/JUL/Bilder/scene4s.jpg    images/JUL/Bilder/scene2s.jpg     images/JUL/Bilder/scene1s.jpg

FaceBook

Nå er finansieringa på plass og bestillinga sendt -
så NÅ BLIR DET BALLBINGE-BYGGING TIL VÅREN !!

images/JUL/Bilder/ballbinge.jpg

Det blir travelt rundt øyrene til rektor Rasin denne våren: scenebygging på eine sida, og nå blir det jammen ballbingebygging på andre sida av rektorkontoret.  Men rektor sjølv smiler bredt (som vanleg) -  og er klar for alt !

FaceBook

Primus motor i BANANA BODDES, Thomas Tjeltveit, har sendt oss eit pressebilete for å vise at øvingane til Ungdommens Kulturmønsring (UKM) pågår for fullt.

images/JUL/Bilder/boddes.jpg
2/3 av "Banana Boddes" øver her intenst til UKM.

Thomas presiserer i pressemeldinga at dei her ikkje har på seg dei rette kostymene.....på scenen blir det FK-kjeladress, SPA-tøfler, fengande hattar og pluss pluss.

Heller ikkje no slepp dei ut info om innhaldet i stand-up-innslaget, men etter det nett-redaksjonen har grunn til å tru, vil innslaget vare i omtrent 6 min ......og mr Jonas skal visstnok vere "MANAGEREN". 

Me reknar òg med at det er manageren som er fotografen her, for det er vel heller tvilsomt at papparazzifotografane har funne vegen til hønshuset til Rasin alt !

Følg med: UKM, Sand Kulturhus 15 feb.

FaceBook

Bli glad av flott solkunst!

 Er du lei av den sure, våte og mørke vinteren? Lengtar etter sol?  Ta då ein kikk innom den lille nettbaserte "kunstutstillingen" på Jøsneset skule si heimeside her.
Der finn du masse fine, fargerike soler, utarbeida av elevar i 3-4 klasse. Dei har henta inspirasjon både frå sola og frå sjølvaste Edvard Munch - og resultata er til å bli glad av.  Wink

På Jøsneset skule og barnehage si heimeside finn du forøvrig oversikt over andre spanande ting som skjer i skulen og barnehagen.  Nå nyleg var de t.d ute å steikte osteskiver på bål. Så ta ein kikk.

 

 

 

FaceBook

Hjelmeland kommunestyre har vedteke at skulestrukturen i heile kommunen igjen skal granskast.  Dette kom opp som ein del av kommunebudsjettet før jul. For Jøsneset sin del betyr det at det igjen skal utarbeidast ei utgreiing om skulane på nordsida av Jøsenfjorden, for å sjå om det er moglegheit for samarbeidsformer med tanke på innsparing.  Frist for første runde med innspel var 25.02.08.  Samarbeidsutvalet ved Jøsneset Skule har alt uttalt seg til saka, og ønskjer ikkje at det blir iverksett endringar i skulestrukturen nå. Les meir om dette i Bygdaposten.

Saka blir nå førebudd til politisk behandling i Formannskapet 11.mars. Deretter blir det ein formell høyringrunde med høyringsfrist 14.april. Det er råd for alle til å uttale seg i saka !!  Etter høyringsrunden blir det ny Formannskapsbehandling igjen 14.april og endeleg Kommunestyrebehandling 21.mai.

FaceBook

Trudde du at Jøsneskalvane lider av skrivetørke og scene-angst?? Då må du tru om att!
Gjengen frå i fjor har til og med vakse, og er blitt meir ”mannsterke”, og er nå i full sving med førebuing til viltre sprell i gymsalen Påskeafta.  Tradisjonen er eit faktum. Det blir sang og sketsjar av store og små, kvinner og menn. Så set av kvelden alt nå; til revy, fest og dans !!!  Meir info kjem når det nærmar seg, så følg med her og i postkassen !  Og bli med å spre ryktet til hyttefolk og påskegjester, for det vil bli påmeldingsfrist før påskeveka !

Elles er det framleis rom for fleire frivillige i festkomiteen. Gi beskjed enkelt her og nå til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den..

FaceBook

Nå har Helselaget samla inn alle turbøkene frå postane rundt omkring. Det blir premie-trekning frå desse bøkene på Helselaget sitt årsmøte torsd 06 mars 08.

Nye bøker er lagt ut på alle postane – så nå er det berre å setja i gong ny tursesong.

For å inspirere borna til turgåing, er det lagt ut ei eiga barnebok på den populære turposten Håvehammar. Her kan alle barn (opp til ungdomsskulealder) skrive seg inn i eiga bok – og frå denne boka blir det eiga barne-premiering på årsmøtet neste år. Så heng i alle barn !

Håvehammar er eit kjekkt turmål som ligg nokså sentralt i bygda. Her går det merka sti både frå Åsland, frå Foss, frå Tonå og frå Asheim. Du kan velge både lett og flat løype eller bratt og tung – her er mange variasjonsmoglegheiter , sjå meir under menyen TURSTIKART.

FaceBook
Facebook