1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Kulturkontoret har laga til ny turkonkurranse; den såkalla "Vinterturen 2020-21". Opplegget er litt liknande Kodejakt, men er småturar i låglandet. Eitt av 10 turmål er på Jøsneset, nærare bestemt Sjiddknatten på Nesvikheia. Det er undervegs langs løypa hengt opp litt "ord for dagen" og på sjølve turmålet finn du spørsmåla som skal svarast ut.   Det er sendt ut brosjyre i postkassane med kart, turmål og reglar. Men, desverre, desse brosjyrane har enda ikkje nådd bygdene på nordsida av fjorden. Difor kjem den her: brosjyren "Vintertur 2020-21"  

Du kjem deg til Sjiddknatten på merka løypa frå Jøsnesvegen; følg første skilt mot Nesdalsfjell: deretter følg grøne pil-skilt.  Ikkje lang tur, men nokre våte parti, så ha på gode sko.  Flott utsikt frå Sjiddknatten,, og du må opp både for å finne den og spørsmåla. 

 

FaceBook
Facebook