1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower


Etter ei veke med særs mykje regn, storm og uvær, gjorde det godt med glimt av blå himmel og snø på trærne. På Jøsneset må ein litt opp i høgda for å få slik stemning, men heller ikkje lengre enn innover mot Fosstemmen - Her ligg det kvitt, og det går an å gå på ski på vegen. Mange tok turen innover denne lørdagen


Det var mange som nytta lørdagen til å få frisk luft og trimme litt oppover bakken - Også desse tre jentene med kvar sin hest tok turen til Fosstemmen ! Godt lag for både firbeinte og tobeint i det snødekte landskapet.


Kvitt var det alt frå Foss. Her ved krysset inn mot Jiskelid.


Grødem - på veg innover Fossmarka. Ikkje mykje snø her, men auka på innover.


Populært turmål på Jøsneset - i snø og regn og sol og mørke - det er ofte folk finn vegen hit til postkassen. 

FaceBook
Facebook