1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower


Muligens det næraste me kjem "black-friday"-tilstander her på Jøsneset smile For det blei kø rundt salgsborda då Mikals Laks saman med andre lokale produsentar hadde invitert til førjulskos. Salget gjekk unna på røykelaks, og Astrid måtte springe inn på lageret etter meir fisk gang på gang. Og kva passer betre til røykelaksen enn frisk eplesaft frå Buhagen !


Regntunge og stormfulle dagar - likevel fin julestemning og fyr i bålpanna utanfor Mikals Laks - Og sal av Dales flotte juletre og servering av god og varm gløgg. Kjekt å sjå folk frå nabobygdene, fastbuande og hyttefolk strøyma til - trass i det sure været, så var nok besøkstalet høgare i år enn i fjor.


Det var raust med smaksprøvar både av røykelaks i allslags varianter og frisk eplesaft - og gløgg, pepparkaker og kaffe


Både Mikal og Astrid hadde det travelt med å ekspedere kundene - mykje god julemat på veg ut dørene denne kvelden


Eplesaft og saueskinn frå Buhagen gjekk òg unna !

Takk for hyggelig møteplass og sal av gode, fine produkt - her kunne ein finne både julemat, juledrikke,  julegåver og ikkje minst juletre !

 

 

FaceBook
Facebook