Dette er ei felles nettside for bygda Jøsneset. Det er tre frivillige lag i bygda som eig og driv nettsida. Dette er Jøsneset Bygdaråd, Jøsneset Helselag og Jøsneset Ungdomslag.

Med denne sida ønskjer me å :

* profilere bygda på ein positiv måte som gjer det interessant å bu, arbeide og feriere her.
* fremje Jøsnesbygda sine interesser
* vise oversikt over aktivitetar: vår moderne tids ”oppslagstavle”
* leggje ut store og små nyhende frå bygda og nærmiljøet
* informere om laga sine oppgåver og aktivitetar.

Drift av sida

Det er vald ein redaksjonskomitè på 3 personar. For tida er dette:

- Silje Sværen, Bygdarådet
- Lene Kaldheim, Helselaget
- Svanhild Hjorteland Gbada, Ungdomslaget.

Det er kun redaksjonskomiteen som har redigerings- og publiseringsrett til sida. Desse skal drifte sida etter eit sett reglar som laga er blitt samde om: les reglane her

Me håpar å få til ei fin og interessant side, og for å få det til her me heilt avhengige av tips, innspel, små og store nyhender frå andre. Me oppmodar folk sterkt om å sende over stoff, bilete og liknande som er av interesse for nettstaden.

Slik kjem du i kontakt med oss

FaceBook
Facebook